NRK Meny
Urix forklarer

11 harde fakta om USAs forhold til skytevåpen

Det er ikkje fleirtal for strengare våpenlover i USA, det er fleire som skyt seg sjølv enn det er folk som skyt andre, og talet på dødelege skyteepisodar er på veg ned. Les elleve faktaopplysingar om USA og våpen som nettstaden Vox har samla saman.

Beklager, vi kunne ikke vise innholdet.
Se «123» i nytt vindu

Vox.com har samla saman statistikk frå fleire kjelder som viser fleire sider av den amerikanske våpendebatten. På sine sider har dei også ein oversikt over kor det har vore skyteepisodar i USA så langt i år.

Kart over skytedrap i USA til og med 2. desember 2015

Kartet bygger på statistikk frå nettstaden Mass Shooting Tracker, og viser kor dei over 350 skyteepisodane har funne stad i år.

Foto: Vox.com/Mass Shooting Tracker

(Sjå ein interaktiv versjon av kartet på Vox.com sine eigne sider).

Nokre enkle fakta kan fortelje mykje. Under kan du lese 11 påstandar, og kva fakta som vert lagt til grunn. Du kan også lese om dei same 11 faktapåstandane i grafikken som ligg øvst i denne artikkelen, og som er henta frå Vox.com.

1. Det er rundt eit skytevåpen per person i USA

Sidan dei ulike delstatane i USA har ulike lovar og rutinar rundt registrering av våpen, så er det vanskeleg å slå fast kor mange våpen som er lovleg selde i USA.

Men ein rapport frå Congressional Research Service anslår talet på skytevåpen til å vere 310 millionar privateigde våpen i 2009. Medan Small Arms Survey anslår rundt 270 millionar private våpen.

Om ein set tala frå USA opp mot tala i verda, så er rundt 42 prosent av alle privateigde skytevåpen i verda eigd av amerikanarar. Det syner denne grafikken frå Vox.

Tal på våpen per person - Sett frå USA

Til venstre viser dei raude personane kor stor del av verdas folk som er amerikanske (4,43 prosent). Til høgre viser dei raude pistolane kor mange privateigde våpen i verda som er amerikanske (42 prosent).

Foto: Javier Zarracina / VOX

Når det gjeld kor mange amerikanske heimar som har våpen, så er tala meir usikre. To undersøkingar viser at tala varierer. Tala frå Pew Research Center viser ein klar nedgang i heimar med våpen frå 70-talet, medan tal frå Gallup syner at det ikkje er særleg skilnad frå 70-talet og fram til i dag.

Tal på våpen i amerikanske heimar

Oversikta til venstre, med tal frå Pew Research Center, viser at det i 1973 var 49 prosent av folket i USA som svara at dei hadde våpen i heimen sin, medan det i siste undersøking berre var 34 prosent som svara det same. Gallup sine tal, til høgre, viser at det derimot ikkje har vore nokon endring i den same perioden.

Foto: Pew Research Center

2. Kriminalitet kor det er brukt skytevåpen skjer langt oftare enn i andre vestlege land

Drapsepisodar per innbyggjar

Ein oversikt over talet på drapssaker per ein million menneske viser at det skjer langt fleire drapsepisodar i USA enn i andre vestlege land.

Foto: VOX

For kvar million amerikanarar skjer det 29,7 drapsepisodar kor det er våpen involvert. Det er langt fleire enn i andre land som USA vanlegvis kan samanlikne seg med.

I nabolandet Canada er det berre 5,1 drapsepisodar per ein million innbyggjar, og blant landa som er med i statistikken ligg Australia heilt på botnen. Alle desse landa har meir restriktive våpenlover enn USA.

Om ein derimot hadde tatt med fleire sentral-amerikanske land i statistikken, så ville ikkje USA ha skilt seg like mykje ut.

3. Talet på dødelege skyteepisodar har nærast halvert sidan 90-talet

Tal på drap ved bruk av skytevåpen i USA

Grafen viser talet på drap som er utført ved hjelp av skytevåpen, per 100.000 amerikanar. Tala er henta frå Pew Research Center.

Foto: Pew Research Center

Ein kan få inntrykk av at det skjer stadig fleire dødelege skyteepisodar i USA, men det inntrykket er feil. I dag får hendingane meir merksemd enn før, men sjølv om det skjer mange skotvekslingar, og sjølv om mange dør av slike episodar, så var det lang verre på 90-talet.

I 1993 var det rundt sju dødelege skyteepisodar per 100.000 amerikanar, medan det i 2010 var 3,6 slike episodar for kvar 100.000 amerikanar.

Men det er ikkje berre utlendingar som trur at tilstanden har blitt verre. 56 prosent av alle amerikanarar svara i 2013 at dei trur situasjonen har blitt verre. Det syner ei undersøking utført av Pew.

4. I delstatar med mange våpen er det også mange som dør av skotskader

Ein enkel graf viser at det er samanheng mellom tal på våpen og tal på personar som døyr av å bli skoten med skytevåpen. Desse tala inkluderer både dei som tek sitt eige liv, og dei som vert skotne av andre.

Sjølv om våpenforkjemparar i USA påstår det motsette, så viser ei oversikt frå Mother Jones at det er ein tydeleg samanheng mellom tal på våpen og personar som døyr av skytevåpen.

Skytevåpen versus drap

Ei oversikt, med tal frå Mother Jones, viser at det er ein klar samanheng mellom tal på våpen og tal på drap. Det er tatt utgangspunkt i statistikkar frå ulike delstatar i USA.

Foto: Mother Jones

Samstundes må ein understreke at det ikkje nødvendigvis treng vere ein direkte samanheng mellom tal på våpen og tal på drap. Det kan vere andre grunner til at folk har skaffa seg våpen, og desse grunnane kan også vere grunnen til at drap skjer. Mykje kriminalitet er eit døme på ein faktor som kan spele inn på begge desse variablane.

5. Det er fleire som skyt seg sjølv, enn folk som skyt andre

Sjølvmord ved hjelp av skytevåpen, og drap ved hjelp av skytevåpen

Den svarte grafen viser kor mange som har tatt livet ved å bruke skytevåpen, medan den blå grafen viser kor mange som er drepne av å bli skotne dei siste åra.

Foto: CDC/WISQARS

At folk skyt seg sjølve er vanlegare enn at dei skyt andre. I mange delar av USA er våpen lett tilgjengelege, og difor kan dei også bli brukt når folk vil ta sitt eige liv.

I 2013 var det 21.175 som tok livet ved å bruke skytevåpen, medan det var 11.208 som vart drepne av at andre skaut dei. Tendensen har vore lik dei siste 15 åra, men skilnaden mellom dei to gruppene har auka dei siste åra.

6. Sjølvmord er vanlegare på stader kor det finst våpen

Samanhengen mellom tal på sjølvmord og tilgang på skytevåpen er sterkare enn samanhengen mellom tal på skotdrap og tilgang på skytevåpen. Det syner forsking frå Harvard.

Studium viser også at faren for å døy er høgare om ein prøver å ta sitt eige liv med eit skytevåpen, samanlikna med andre måtar å ta livet sitt på.

Det vert understreka at tilgang på våpen ikkje treng vere einaste årsak, og at fleire faktorar kan spele inn.

7. Å bu i eit hus med våpen aukar sjansane for å døy

Det er tre måtar eit skytevåpen kan drepe deg på. Anten ved at nokon skyt deg, at du tek ditt eige liv, eller ved eit uhell. Og når det er eit våpen i nærleiken av deg, så aukar sjansane for at eit av dei tre alternativa kan skje.

Ei fersk undersøking viser at sjansane er større for å døy om du er nær eit skytevåpen. Dette gjeld særskild kvinner, noko som kan bety at skytevåpen også vert brukt til vald i heimen.

Også for barn er sjansane større for å bli utsette for ulykker i USA, samanlikna med andre vestlege land.

8. Skytevåpen bidreg til meir vald i heimen

I ei undersøking blant kvinner som er utsatt for vald i heimen svarte 71,4 prosent at dei hadde blitt truga med eit skytevåpen. Ein annan studium tok føre seg misbrukte kvinner, og samanlikna dei som døde av misbruket, med dei som overlevde.

Der vart det vist til at 51 prosent av kvinnene som døde hadde våpen i heimen sin, medan berre 16 prosent av dei som overlevde hadde våpen i heimen.

9. Massakrar er ikkje vanlegare enn før – og utgjer berre ein liten del av skyteepisodane

Massakrar får naturleg nok meir mediemerksemd, og det har opp gjennom åra vore fleire alvorlege skyteepisodar i USA, med mange døde. Nokre av dei på skular, medan andre massakrar er utført på offentlege stader.

FBI sine analysar viser at mindre enn ein prosent av alle skyteoffer er drepne i skyteepisodar kor fire eller fleire personar er drepne. Med andre ord er skyteepisodar i stor grad eit oppgjer mellom få personar.

Ein kriminolog som heiter James Alan Fox har laga ei oversikt der det vert vist til at skytemassakrar ikkje er vanlegare no enn før, men at det skjer i omtrent like stor grad i dag som tidlegare

10. Berre ein liten del av skytinga er utført mentalt sjuke

To forskarar frå Columbia-universitetet, Paul Appelbaum og Jeffrey Swanson, har forska på samanhengen mellom psykisk sjukdom og skotdrap. Berre rundt tre til fem prosent av tilfella er utført av mentalt sjuke, og det vert difor åtvara mot å dra samanlikningar mellom psykiatri og drap.

11. Stadig færre vil ha strengare våpenlover

Sjølv om nærast halvparten av USAs folk vil ha strengare våpenlover, så er det nærast like mange som vil ha det slik som no. Dei siste åra har det blitt stadig jamnare mellom dei som er for strengare våpenlover, og dei som er mot. I den siste undersøkinga var det motstandarane mot nye våpenlover som var størst.

Meiningsmåling om amerikanske våpenlovar

Ei meiningsmåling viser at motstanden mot å endre våpenlovane i USA er stor.

Foto: Gallup

Våpenlovane i USA er eit tilbakevendande tema i amerikansk politikk, og dei to store partia, Demokratane og Republikanarane, er særs ueinige i dette spørsmålet.

Om ein tek med den delen av folket som ønskjer endå meir liberale våpenlover, så var det i 2013 eit knapt fleirtal mot ei innstramming av lovane. Det er tal frå meiningsmålingsbyrået Gallup som syner dette.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt