Hopp til innhold

106 år gammal kvinne kan bli sendt ut frå Sverige

Ho er truleg den eldste flyktningen i verda. Men no har det svenske Migrationsverket avgjort at Bibikhal Uzbek truleg blir sendt ut av Sverige til Afghanistan.

Men nå kan hun bli sendt ut av Sverige.

Hausten 2015 publiserte media over heile verda bilde frå ei flyktningleir i Kroatia. Den då 105 år gamle Bibikhal Uzbek frå Afghanistan hadde flykta saman med sonen og barnebarna, som hadde bore henne på ryggen for å kome til Europa, skriv SVT.

Til slutt hamna familien i Skaraborg i Sverige der dei søkte asyl.

Avslag i juni

Uzbek fyller 107 år i november. Men i juni fekk ho og resten av familien avslag på asylsøknaden, og kan no bli utvist til Afghanistan.

Det var den svenske, folkefinansierte nettavisa Blankspot som først skreiv om denne saka.

Det svenske Migrationsverket seier at høg alder i seg sjølv ikkje gir grunnlag for vern. I tillegg meiner det er trygt for henne år reise tilbake til den delen av Afghanistan ho kjem frå. Då ho fekk meldinga om avslaget, fekk Bibikhal Uzbek slag. Ho har vore sengeliggande, og det har ikkje vore mogleg å få kontakt med henne.

Klagar

Advokaten til familien har klaga på avgjerda om å sende henne og familien ut av landet. Denne saka er framleis ikkje avgjort.

Etter den strabasiøse flukta til Sverige har tilstanden hennar blitt verre. Familien seier at dei ikkje ser korleis ho skal overleve ei reise tilbake til Afghanistan.

– Det er ikkje mogleg. Ho kan ikkje gå, sjå eller høyre noko. Ho ligg berre i senga. Eg trur det ville bli ei svært vanskeleg reise for mamma, seier sonen Mohammadullah Uzbek til SVT.

SISTE NYTT

Siste nytt