Hopp til innhold

1000 bustadhus øydelagde i brannar

Meir enn 1000 bustadhus har blitt flammane sitt rov i Texas den siste veka. Over 70.000 menneske er evakuerte frå heimane sine.

Dette er den verste brannkatastrofen i Texas nokon gong, seier ein talsmann for skotforvaltinga i delstatshovudstaden Austin.

- Kristisk og ustabil

Texas-guvernør Rock Perry.

Guvernøren i Texas, Rick Perry, seier at situasjonen er kritisk og ustabil.

Foto: Eric Gay / Ap

I eit intervju med CBS i dag seier guvernør Rick Perry at situasjonen i delstaten er kritisk og ustabil. Han set eit lite håp til vermeldingane, som varslar litt lågare temperaturar og mindre vind.

Men Perry åtvarar om at brannane no nærmar seg fleire byar og andre tett befolka område. Skular er stengde, og kyrkjer og andre store bygninger er fylde av evakuerte menneske

Men det ser ikkje ut til at det blir regn med det første. Det har faktisk ikkje vore skikkeleg regn i det sentrale Texas på eitt år. Sidan desember i fjor har 3,6 millionar acres, over 14 millionar mål, skog brent ned i delstaten. Det er eit areal like stort som den amerikanske delstaten Connecticut.

Samstundes opplever fleire av nabostatane til Texas det verste regnveret på fleire år, takka vere den tropiske stormen «Lee». Men regnbygene ser ikkje til å nå så langt som til det sentrale Texas.

Høg temperatur og kraftig vind

Svært høge temperaturar og kraftig vind har gjort at skogbrannane har spreidd seg i stor fart. Sist søndag fekk skogstyresmaktene i Texas melding om 63 nye brannar, og av dei vart 22 karakterisert som store. To menneske miste livet søndag.

Det var ei 20 år gammal kvinne og den 18 månader gamle dottera hennar. Dei miste livet då husvogna dei budde i byrja å brenne. .

Den verste brannen herjar i Bastrop County, der brannen herjar i ei breidde på 26 kilometer. 5000 menneske er evakuerte frå heimane sine her. I alt er 70.000 evakuerte frå dei brannherja områda i Texas.

Droppar valmøte

Guvernør Rick Perry, ein av favorittane til å bli Det republikanske partiet sin kandiat ved presidentvalet neste år, avlyste i dag frå ein valdebatt i Sør-Carolina. Han seier til CBS at heile hans fokus no er på å kjempe mot dei øydeleggjande skogbrannane som herjar delstaten.

12.000 menneske har reist til Texas for å melde seg som frivillige i kampen mot skogbrannane. Men det er brannar også i California og Arizona, så kampen om dei frivillige er stor.

Samstundes er mange av dei som vore med og kjempa mot flammane den siste tida no fullstendig utslitne. Så det er stor mangel på utkvilte mannskap.

SISTE NYTT

Siste nytt