NRK Meny
Normal

1000 bilar i brann i Roma

Tusen bilar stod søndag kveld i brann på ei stor biltomt i den sørlege delen av den italienske hovudstaden Roma.

Video nsps_upload_2009_7_12_21_45_34_638.jpg

Sjå video frå brannen i Roma.

Den enorme røykutviklinga frå brannen var synleg frå store delar av Roma. Naudsentralen vart nedringd av folk som var skremde av den svarte røyken.

Ein brannmann vart lettare skadd då ein gassylinder eksploderte i brannområdet.

Det er uklart kva som var årsaka til brannen, som starta i ettermiddag.

Ein talsmann for brannvesenet seier at det er eit område på rundt 10 000 kvadratmeter som brann, men at dei no har kontroll over flammane.

Det er ingen bustader i nærleiken av brannen. Søndag kveld var alle vegar rundt brannområdet stengde.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt