NRK Meny
Normal

100.000 hylla avretta pakistansk drapsmann

Opp mot 100.000 menneske ropte slagord til støtte for Mumtaz Qadri, då drapsmannen vart ført til grava i dag. Han vart helt for mange då han tok livet av guvernøren i Punjab, Salman Taseer, i 2011.

Gravferd for avretta drapsmann.

Rundt 100.000 fylgde den avretta drapsmannen til den siste kvila i Rawalpindi i dag.

Foto: FAISAL MAHMOOD / Reuters

I går vart Mumtaz Qadri, som var livvakta til Taseer, avretta i eit fengsel i garnisonsbyen Rawalpindi, til sterke protestar frå islamistar over heile landet. Det at han tok livet av Salman Taseer har gjort han til helt hos mange .

Årsaka er at Taseer arbeidde for å endre dei strenge blasfemilovene i Pakistan, lover som kan gi dødsstraff for fråsegner som kan tolkast som kritikk av grunnleggjaren av islam, profeten Muhammed.

Falske skuldingar

Salman Taseer vart drepen i 2011.

Salman Taseer vart drepen av Mumtaz Qadri i 2011. I dag fylgde opp mot 100.000 Qadri til grava i Rawalpindi, melder AFP.

Foto: FAROOQ NAEEM / Afp

Fleire hundre er dømde til døden som følgje av lovene, og kritikarane seier at mange sit i fengsel på grunn av falske skuldingar. Det er ikkje uvanleg at menneske som blir skulda for blasfemi blir tekne av dage av lynsjemobbar, og gjerningsmennene blir som oftast ikkje blir straffa.

Ei av dei som har fått kjenne dei strenge blasfemilovene på kroppen er den fattige, kristne kvinna Asia Bibi. I 2009 jobba ho med innhausting av frukt saman med fleire islamske kvinner. Dei islamske kvinnene nekta å drikke vatnet Asia Bibi henta til dei, fordi dei meinte at vatnet var ureint, sidan ho ikkje var muslim.

Det kom til ein diskusjon, og Asia Bibi sa at Jesus hadde gjort meir for menneska enn Muhammed .

Håpet kan vere ute for Asia Bibi

Kristen pakistansk jente (11) arrestert for blasfemi

Dødsdommen stadfesta

Dei andre kvinnene fortalde dette til ein imam, som melde det vidare til det lokale politiet. Ei rasande folkemengd prøvde å ta livet av henne etter arrestasjonen.

Ho vart dømd til døden for blasfemi. Dødsdommen er enno ikkje effektuert, men dommen har vorte stadfesta i fleire rettsinstansar.

Guvernør Salman Taseer var ein av dei sterkaste støttespelarane hennar i kampen for å bli frikjent. Under hyllinga av Qadri i dag, var det mange som ropte «død over Asia Bibi».

Salman Taseer og Asia Bibi

Salman Taseer saman med den dødsdømde kristne kvinna Asia Bibi.

Foto: HO / Afp
Gravferd for pakistansk drapsmann.

Tilhengjarane kasta roseblad på ambulansen som køyrde kista med den avretta drapsmannen.

Foto: FAROOQ NAEEM / Afp

Analytikaren Amir Rana seier til nyheitsbyrået AFP at avrettinga av Mumtaz Qadri er ei viktig hending i den pakistanske kampen mot ekstremisme.

– Dette er eit kritisk tidspunkt i Pakistans politiske historie. Det er første gong den politiske leiinga har teke ei så viktig avgjerd. No har dei vist at dei vil følgje lova, og at det ikkje er rom for politisk ekstremisme i Pakistan, seier Rana.

Kristent ektepar lynsja av mobb

Barbari og demokrati i Pakistan

Islamistar hyllar pakistansk drapsmann.

Det var store støttedemonstrasjonar for Mumtaz Qadri i samband med gravferda i Rawalpindi i dag.

Foto: ARIF ALI / Afp
Islamistar frå heile Pakistan deltok i gravferd i Rawalpindi.

Islamistar frå heile Pakistan deltok i demonstrasjonen i samband med graverda til mannen som drap guvernøren i Punjab i 2011.

Foto: ASIF HASSAN / Afp

– Kan bli martyr

Han åtvarar likevel mot at Mumtaz Qadri kan bli sett på som martyr, og at dette igjen kan slå tilbake mot styresmaktene.

Qadris støttespelarar kom til Rawalpindi frå heile landet i dag, og det vart også halde demonstrasjonar til støtte for den avretta drapsmannen i fleire andre byar.

– Mumtaz Qadri er ein islamsk helt. Han sende ein mann som ikkje hadde respekt for den heilage profeten, til helvete, sa Tahir Iqbal Chistie i den ytterleggåande rørsla Tehreek.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt