Omkring 100 personar er sakna. Hittil er ein person funnen død, medan 50 andre har klart å ta seg til elvebreiddene eller er blitt redda, opplyser politiet.
Kolliderte
Det er uklart korleis det har gått med dei resterande passasjerane.
Ferja kantra etter ein kollisjon med eit frakteskip på Kirtonkhola-elva i Barisal-distriktet sør i Bangladesh, om lag 170 kilometer frå hovudstaden Dhaka.
Ligg på botn
Ferja sokk etter samanstøyten, og redningsmannskap prøver å lokalisere den.