NRK Meny
Normal

10.000 hus blir aldri bygde opp att

Kvart tiande øydelagde hus i Christchurch blir ikkje bygd opp igjen. 10.000 hus kan vere tapte for alltid.

Dødstala etter jordskjelvet i Christchurch på New Zealand 22. februar er venta å stige til rundt 200. I dag er 166 stadfesta omkomne, men redningsarbeidet er ikkje over enno.

Finansdepartementet på New Zealand har oppjustert kva dei trur jordskjelvet vil koste , og trur no at det vil koste 85 milliardar kroner å byggje opp at byen etter øydeleggingane.

Aldri bygd opp igjen

Statsminister John Key på New Zealand

Statsminister John Key på veg gjennom jordskjelvområda i Christchirch. Mange av husa han ser, vil aldri bli bygde opp igjen.

Foto: Marty Melville / Afp

Oppbyggingsminister Gerry Brownlee har tidlegare vurdert at 100.000 hus må reparerast, og at 10.000 hus må bli bygde på nytt.

Men statsminister John Key seier no at enda 10.000 hus aldri vil bli bygde opp att.

– Nokre hus vil ikkje kunne bli bygde opp att, og som eit resultat av det andre jordskjelvet , kan det hende at nokre område i byen må bli lagde aude, seier han til The New Zealand Herald.

Bakken under områda er ikkje sterk nok på grunn av at vatn og avleira slam har stige etter jordskjelvet, ifølgje statsministeren.

Han ber no folk om å stålsetje seg for det som kjem.

– Det er truleg mange historiske bygg som ikkje blir reiste igjen, i tillegg til alle heimane, seier han under ei pressekonferanse.

Folk får kome heim

Jordskjelv på New Zealand

Folk får no lov å kome heim for å sjå til husa sine og for å hente ut eigedelar.

Foto: Marty Melville / Afp

Jordskjelvutvalet har no starta arbeidet med å vurdere kva hus som er tapte for alltid, og kva hus som kan byggjast opp igjen.

Samtidig har folk no fått lov til å ta seg forbi politisperringane, og inn til dei øydelagde husa for å sjå korleis det står til med eigedelene deira, skriv The New Zealand Herald.

Sone 1 og 2, aust og vest for for bysenteret, opna i går. Sone tre, nord for byen, vil opne mot slutten av denne veka. Når sone fire og «red zone» opnar, er ikkje opplyst.

No trur finansdepartementet at veksten i landet blir 1,5 prosent lågare, som direkte konsekvens av jordskjelvet. New Zealand blir nøydde å låne pengar og endre pengebruken framover, skriv The New Zealand Herald.

Soldatar ventar på meir rydding

Soldatar frå New Zealand ventar på at deirs skift skal starte, og at dei på ny skal leite i ruinane etter omkomne.

Foto: Marty Melville / Afp
Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt