10 forsvarsministrar åtvarar mot militær innblanding i maktskiftet

Alle dei 10 attlevande tidlegare forsvarsministrane i USA, blant dei to som Donald Trump sjølv utnemnde, åtvarar mot militær innblanding i overgangen etter valet.

Pentagon

SAMSTEMTE: Ti tidlegare sjefar i forsvarsdepartementet Pentagon i Washington minner president Trump om kvar grensa går for innblanding i valet.

Foto: Charles Dharapak / AP/NTB

Ashton Carter, Dick Cheney, William Cohen, Mark Esper, Robert Gates, Chuck Hagel, James Mattis, Leon Panetta, William Perry og Donald Rumsfeld oppfordrar alle i ein kronikk i The Washington Post til at Pentagon må forplikte seg til ein fredeleg maktovergang.

– Forsøk på å involvere USAs væpna styrker i å løyse valtvistar, vil kunne føre oss inn i eit farleg, ulovleg og grunnlovsstridig territorium, skriv dei ti tidlegare Pentagon-sjefane i avisa søndag.

Jim Mattis

ÅTVARAR: Jim Mattis som var Trump sin forsvarsminister i to år frå 2017 til 2019, åtvarar sin tidlegare sjef.

Foto: Richard Drew / AP / NTB Scanpix

Dei tidlegare forsvarsministrane viser til at valprosessen og ein fredeleg maktovergang er kjennemerke på demokratiet i USA.

Alle maktovergangar sidan borgarkrigen har vore fredelege, påpeiker dei.

– Dette året burde ikkje vere noko unntak, skriv dei.

Dei tidlegare statsrådane kjem frå begge dei store partia i USA. Trump peika sjølv ut Esper og Mattis. Dei ti viser til at rettslege forsøk på å utfordre valresultatet har vorte avviste av domstolane, og at delstatsstyresmaktene har stadfesta resultata.

Donald Rumsfeld

ÅTVARAR: Donald Rumsfeld var forsvarsminister i årene 2001 til 2006 under George W. Bush.

Foto: LAWRENCE JACKSON / AP/NTB

Dei ber fungerande forsvarsminister Christopher Miller og resten av Pentagon om å samarbeide fullt ut og leggje til rette for maktoverføringa til Joe Biden.

– Pentagon må og avstå frå kvar og ein politisk handling som undergrev valet eller hindrar den nye administrasjonen i å få suksess, skriv dei.

Alt om presidentvalget i USA

SISTE NYTT

Siste nytt