10 år med fredsavtale i Nord-Irland

10.april 1998 blei den såkalla langfredagsavtala underteikna i Nord-Irland. Det borgarkrigherja landet ønskte ein slutt på valden.

David Trimble og John Hume
Foto: PETER MORRISON / AP

For ti år sidan hadde årelange forhandlingar endeleg fått resultatet det hadde streva etter: ei fredsavtale mellom protestantar og katolikkar i Nord-Irland.

Demokratisering

Avtala innebar mellom anna at nordirane fekk si eiga demokratisk valde regjering. I tillegg skulle Nasjonalistorganisasjonen IRA (Irish Republican Army) starta å levera tilbake våpena sine.

Både den britiske og den irske regjeringa støtta avtala, og ei folkerøysting viste at 71 % av befolkninga i Nord-Irland støtta avtala.

Frå Oslo til trøbbel

Protestanten David Trimble og katolikken John Hume fekk i 1998 Nobels fredspris i Oslo Rådhus. Deira mangeårige innsats mot fred blei heidra.

Men, så starta tilbakeslaga:

- 2000: Britane valde å oppløysa sjølvstyret i Nord-Irland. Årsaka var misnøye med avvæpninga av IRA. Då regjeringa blei suspendert av britiske styresmakter i 2002, var det fjerde gongen i løpet av tre år.

- 2002: Sinn Fein (den lovlege politiske fløyen av det forbode IRA) blir mistenkt for spionasje. Partikontora i den nordirske forsamlinga blir ransaka av politiet.

- 2003: Val på ny sjølvstyreforsamling blir utsett frå våren til hausten. Valet i november endar med sterk framgang for dei uforsonlege fløypartia Sinn Fein (protestantar) og det demokratiske unionistpartiet (katolikkar).

*2004: IRA får skulda for eit stort bankran i den nordirske hovudstaden, Belfast.

*2005: IRA blir skulda for å ha drepe den katolske tobarnsfaren Robert McCartney i Belfast. Oppstyret endar med at IRA vel å starta prosessen med å levera tilbake våpena.

Hausten 2005 kom det til nye opptøyar, men ein internasjonal kommisjon rapporterte at avvæpninga av IRA var godkjent. Langfredagsavtala såg ut til å ha lukkast, over sju år etter underteikninga.

Ny fredstid

I fjor blei eit nytt kapittel fred skrive i Nord-Irland. Dei tidlegare uforsonlege partia, Sinn Féin og det demokratiske unionistpartiet, skipa ei samlingsregjering. Den kontroversielle 81-åringen Ian Paisley (går av i mai) blei førsteminister.

Etter 36 år med konflikt, som hadde kravd 3600 liv, kunne Nord-Irland endeleg sjå framover.

10 år etter

I samband med jubileet har Sinn Fein-talsmannen Gerry Kelly uttala følgjande til den nordirske avisa Belfast Telegraph: Det geniale med avtala var at den opna for tillit mellom partane.

Kommentator i The Guardian, Glenn Patterson, derimot, er ikkje like sikker på kva Nord-Irland har i vente. Han skriv at Langfredagsavtala var ei avtale som handla om å vera samde om fortida, ikkje framtida.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt