Hopp til innhold

Norske hjelpearbeidarar angripne på Lesvos

Organisasjonen Dråpen i havet melder om at tre av bilane deira har vorte angripne av høgreekstreme. I bilane sat hjelpearbeidarar frå Noreg og andre land.

ANGREPET: Organisasjonen Dråpen i havet melder om at tre av bilane deira har vorte angripne med steinar av høgreekstreme.

ANGREPET: Organisasjonen Dråpen i havet melder om at tre av bilane deira har blitt angripne med store stokkar av høgreekstreme.

Foto: Knut Bry

– Konflikten er no på eit katastrofalt nivå, seier generalsekretær i Dråpen i havet, seier Trude Jacobsen.

Etter at Tyrkia på laurdag gjorde det klart at dei ikkje ville stoppa flyktningar på veg til Europa, har fleire flyktningar kome til den greske øya Lesvos. Jacobsen seier det spente forholdet mellom innbyggarar på øya, flyktningar og hjelpearbeidarar har forverra seg.

Etter at Tyrkia gjorde det klart at de ikke lenger vil stanse flyktninger på vei til Europa har forholdet mellom innbyggerne på den greske øya Lesvos og flyktninger forverret seg. Samtidig forsøker tusenvis å krysse inn i Hellas på andre grenseoverganger.

Etter at Tyrkia gjorde det klart at dei ikkje lenger vil stanse flyktningar på veg til Europa har forholdet mellom innbyggjarane på den greske øya Lesvos og flyktningar forverra seg. Samtidig prøver tusenvis å krysse inn i Hellas på andre grenseovergangar.

Tre bilar angripne

– Vi har full forståing for at dei lokale er frustrerte på flyktningsituasjonen i Hellas, men det er ikkje greitt at høgreekstreme grupper utnyttar situasjonen, seier Jacobsen.

Ho fortel at tre av bilane deira vart angripne på vegen mellom Moria-leiren og øyas hovudstad Mytilini sundag kveld. Det var fem personar i kvar bil, dette var folk frå Dråpen i havet og ein annan hjelpeorganisasjon.

Alle 15 måtte flykta frå bilane sine, men ingen skal ha blitt fysisk skadde. Dei kjem frå Noreg og utlandet.

På ein facebook-post skriv organisasjonen at alle deira frivillige er trygge i Mytilini.

– Akkurat no er det 19 personar frå organisasjonen vår i Lesvos. Ti er norske. Alle har fått tilbod å koma heim, dersom dei ønsker det, seier Jacobsen.

Lokale innbyggere banker opp en journalist på øya Lesvos, 1. mars.

GÅR TIL ANGREP PÅ HJELPEARBEIDARAR OG JOURNALISTAR: Ein journalist vart banka opp av lokale innbyggjarar på øya Lesvos, 1. mars.

Foto: Stringer / Reuters

Spent situasjon

Situasjonen har vore spent lenge på øya, mellom anna på grunn av planlegginga av ein ny leir for asylsøkarar som regjeringa bygger.

Onsdag førre veike melde NTB at hundrevis av innbyggarar kasta stein mot politiet i protest mot den nye leiren. Politiet svarte med tåregass, sjokkgranatar og gummikuler, ifølgje ein fotograf frå nyheitsbyrået AFP.

– Som følgje av situasjonen er no ein klinikk i Moria-leiren stengt og tilbodet vi har til barn ned i fireårsalderen, som er på flukt åleine er òg mellombels stansa, seier Trude Jacobsen.

Tidlegare har dei stengt ned to senter i Moria, der dei tilbyr barn undervising og aktivitetar som sjakk og handarbeid.

Når Tyrkia no opnar grensa meiner Trude Jacobsen at det er viktigare enn nokon gong at Noreg får Europa med på å evakuera desse leirane.

Moria-leir om etter at mørket har lagt seg.

Minst 38.000 menneske bur i overfylte leirar i Hellas, ifølgje Washington Post. Fleire enn 19.000 personar held til i Moria-leiren (bildet), som eigentleg er laga for å husa 3000.

Foto: Knut Bry / Tinagent

Barn døydde ved Lesvos

Eit barn har omkomme og eit anna barn er innlagt sjukehus etter at ein båt med flyktningar og migrantar kantra utanfor det greske auga Lesvos måndag. Det opplyser den greske kystvakta.

47 personar vart redda etter kantringa, ifølgje nyheitsbyrået Reuters.

Minst 1000 flyktningar og migrantar har komme til dei greske øyane sidan søndag morgon, etter at Tyrkia kunngjorde at ikkje lenger vil stanse flyktningar frå å dra til Europa.

Også på øya Chios er stemninga spent. Hit har rundt 200 flyktningar kome sidan søndag. I heile januar og februar vart det registrert 519 flyktningar. Ida Johanne Aadland er frivillig for organisasjonen Iris. Ho seier dei har trappa ned arbeidet for å hjelpe flyktningane, på grunn av truslar frå lokalbefolkninga.

– Vi har valt å trappe ned grunna vår eigen og flyktninganes tryggleik. Eg forstår frustrasjonen her, så mykje vi har kasta på denne vesle øya. Dei blir ikkje høyrd og det måtte renne over på eit tidspunkt, seier Aadland.

TUSEN HAR ANKOMMET SIDEN SØNDAG: Ein familie fra Afghanistan ankom den greske øya Lesvos etter å ha tatt turen over havet fra Tyrkia. Lesvos, 2. mars.

TUSEN HAR KOMNE PÅ EIT DØGN: Ein familie frå Afghanistan kom til den greske øya Lesvos etter å ha tatt turen over havet frå Tyrkia. Lesvos, 2. mars.

Foto: Michael Varaklas / AP

Migrant død på grensa til Hellas

Også ved grensa med Tyrkia er ein person omkomen.

Flyktning døydde på grensa mellom Tyrkia og Hellas. Enez, Tyrkia, 2. mars.

Mannen prøvde å krysse grensa frå Tyrkia, men døydde av skadar etter at greske tryggingsstyrkar greip inn for å hindre migrantar å passera grensa, ifølgje to tyrkiske Reuters-kjelder.

SISTE NYTT

Siste nytt