Hopp til innhold

Far og dotter nådde ikkje USA

Eit nytt bilde av ein far og dotter som drukna på grensa mellom Mexico og USA sjokkerer.

Far og dotter

SJÅ VIDEO: Oscar Alberto Martinez og dottera Angie Valeria drukna då dei forsøkte å krysse elva Rio Grande på grensa mellom Mexico og USA.

Oscar Alberto Martinez (25) og dottera Angie Valeria (2) prøvde å krysse grensa frå Mexico til USA, men drukna i elva Rio Grande.

Kroppane blei oppdaga måndag, nær Matamaros på den meksikanske sida av grensa, ifølge AP.

Tett inntil kvarandre ved elvebredda, ligg den to år gamle jenta inni t-skjorta til faren, begge med ansikta ned i det grumsete vatnet.

Journalisten Julia Le Duc fotograferte dei to kroppane.

– Å sjå far og dotter omfamne kvarandre heilt til siste andedrag, gjorde sterkt inntrykk på oss, seier Le Duc til AP.

Bildet har skapt stor oppmerksemd og engasjement, og gir assosiasjonar til den tre år gamle guten frå Syria, Aylan Kurdi, som blei skyldt opp på ei strand i Tyrkia.

– Det er veldig vanskeleg å sjå bildet. Dette er vår versjon av bildet av den syriske guten, seier Joaquin Castro, talsmann for den latinamerikanske interessegruppa i kongressen, til New York Times.

Han håper at bildet vil føre til ei forandring blant politikarar og i det amerikanske folket.

Meksikanske myndigheiter

FINNESTADEN: Her blei Oscar Alberto Martinez og dottera Angie Valeria funne drukna etter dei prøvde å ta seg over Rio Grande.

Foto: Julia Le Duc / AP

Pressa situasjon

Å gjere noko med grensa mellom Mexico og USA har vore ein av president Trumps viktigaste politiske kampar.

I lang tid har grensevakter og styresmaktene fått kritikk for måten barn blir tatt hand om på grensestasjonane.

Trump på si side, meiner at migrantar som prøver å ta seg ulovleg inn i USA frå Mexico, er ein krise som truar sikkerheita til nasjonen.

Som ein del av å slå ned på innvandring, har Trump-administrasjonen latt asylsøkarar vente i Mexico mens søknaden deira blir behandla.

Det er ein prosess som kan ta fleire år.

Protest mot migrasjonpolitikken

STRAMMA INN: President Trump har stramma inn innvandringspolitikken. (Bildet er frå 6. juni.)

Foto: Herika Martinez / AFP

Mange dødsfall

Meksikanske myndigheiter har blitt kritisert for korleis dei jobbar med migrasjonssituasjonen, etter at ein fotograf sist veke dokumenterte korleis væpna medlemmar av nasjonalgarden i Ciudad Juárez brukte makt for å hindre to kvinner og ei jente frå å ta seg over Rio Grande.

Migrantar har oftare og oftare valt meir avsidesliggande og farlege ruter over USAs sørlege grense, skriv The Guardian.

I fjor blei det registrert 283 dødsfall blant migrantar som prøvde å ta seg over grensa. Så langt i år har ingen tal blitt frigitt, men fleire har døydd, deriblant fleire barn.

Seinast måndag blei ei kvinne med tre barn funne nær grensa til Mexico. Ein talsperson for delstaten Texas opplyste om at dei truleg døydde av varme og dehydrering, etter å ha kryssa Rio Grande.

Mexico har styrka vakthaldet langs grensa mot USA med nærare 15.000 soldatar og vakter. Dette gjer dei for å stoppe straumen av ulovleg innvandring til USA, som ein del av avtalen med USA for å sleppe unna amerikansk straffetoll på meksikanske varer.

Meksikanske soldatar i Ciudad Juarez

STRENGT VAKTHALD: Mexico har sendt tusenvis av soldatar til grensene sine, både i sør og nord, for å hindre migrasjonen til USA.

Foto: Jose Luis Gonzalez / Reuters

Den amerikanske draumen

Martinez og dottera, som blei funne i vasskanten, prøvde å krysse grensa saman med ektefellen Tania Vanessa Ávalos.

Det er ulike skildringar på kva som faktisk har skjedd då dei prøvde å krysse elva.

På veg over Rio Grande, såg Ávalos at mannen begynte å bli sliten i den sterke straumen, og ho valde sjølv å svømme tilbake til den meksikanske breidda. Ho såg at mannen og dottera søkke ned i elva og bli ført av garde av straumen, skriv New York Times.

Martinez skal ha kryssa elva med dottera først, sette ho på den amerikanske breidda før han snudde for å hente kona. På veg mot den meksikanske breidda skal dottera ha følgd etter faren ut i elva. Martinez skal då ha snudd for å redde ho. Han klarte å ta tak i armen hennar, men så tok straumen dei begge, ifølge AP.

Tania Vanessa Ávalos

MISTA FAMILIEN: Tania Vanessa Ávalos, snakkar med meksikanske myndigheiter etter manne og dottera drukna.

Foto: Julia Le Duc / AP

Wendy Joanna Martinez de Romero som er ein slektning av familien fortel Martinez og hans familien i starten av april drog frå El Salvador for å starte eit nytt liv i USA.

– Dei gjekk for den amerikanske draumen, seier ho til avisa El Diario de Hoy.

Rosa Ramirez

I SORG: Rosa Ramirez grin når ho viser journalistar leikene til hennar nesten to år gamle barnebarn, Angie Valeria.

Foto: Antonio Valladares / AP

SISTE NYTT

Siste nytt