Hopp til innhold

- Overdriv om russisk styrkeoppbygging

Seniorforskar Sverre Lodgaard ved NUPI meiner førestillinga om den russiske styrkeoppbygginga ofte blir teken heilt ut av proporsjon.

Debatt i Dagsnytt 18

VIDEO: Sjå innslaget i Dagsnytt 18.

I ein debatt i Dagsnytt 18 i kveld minte Lodgaard blant anna om at det russiske forsvarsbudsjettet er rundt 12 prosent av det amerikanske, og rundt åtte prosent av budsjettet til Nato.

– Mykje av det som kjem fram i ulike samanhengar om den russiske styrkeoppbygginga har ikkje rot i den verkelege verda. Likevel er det ikkje tvil om at det russiske forsvaret har aktivitetar som er både påtrengjande om urovekkande, seier han.

Kraftig auke

Lodgaard legg til at den russiske styrkeoppbygginga starta for rundt 10 år sidan, då økonomien i landet kom i gang igjen.

– Det har vore store prosentvise aukar år for år, heilt fram til 2016, då det var ein liten nedgang. Det russiske forsvarsbudsjettet, som blir framstilt som enormt, er altså 12 prosent av USAs og åtte prosent av Natos. Land som Kina og Saudi-Arabia brukar også langt meir på forsvar enn det Russland gjer, legg Lodgaard til.

Han minner om at under den kalde krigen så hadde Warszawa-pakta, det austeuropeiske motstykket til Nato, 80 prosent av investeringane til Nato.

Tidlegare forsvarssjef Sverre Diesen, som no er forskar ved Forsvarets forskingsinstitutt (FFI) seier at det er viktig å ta innover seg at Russland er ei stormakt som tenkjer geopolitisk på ein annan måte enn oss. Det synest som om dei meiner at dei er trygge gjennom å gjere andre litt utrygge, og det er kan vere ein grunn til nærgåande flymanøvrar, meiner han.

Tysk utanriksminister med sterk kritikk av NATO

Tar avstand fra krigs-spådommer etter brexit

– Ulike utfordringar

Likevel er Diesen klar på at dei tryggingsmessige utfordringane i Europa er heilt ulike dei som var under den kalde krigen. No er utfordringane regionale, seier han, i motsetning til under den kalde krigen, då det var ein trussel mot heile organisasjonen.

Han meiner truslane no er retta spesielt mot dei baltiske landa og Polen, og at det set solidaritetsprinsippet til Nato på prøve.

Disen minner også om at dei tre største europeiske NATO-landa, Frankrike, Storbritannia og Tyskland, har eit samla forsvarsbudsjett som langt overstig det rusiske.

Forsvaret får 165 milliarder ekstra over 20 år

Desse norske jagarflya følgjer med på russarane i Barentshavet

SISTE NYTT

Siste nytt