Om lag 40 militære helikopter deltek i redningsarbeidet i flaumoråda. Seks av helikoptra er frå dei amerikanske styrkane i Afghanistan.
– Amerikanske helikopter deltek i hjelpearbeidet og har redda meir enn 1.000 menneske til no, seier den nasjonale sikkerheitsrådgjevaren ved Det kvite hus, James Jones ifølgje nyheitsbyrået AFP.
Mange treng hjelp
Jones seier dei amerikanske helikoptra vil halde fram å hjelpe til i redningsarbeidet.
– Vi vil bistå våre pakistanske allierte i arbeidet med å evakuere menneske som treng hjelp i det verst råka områda, seier Jones.
FN seier at så mange som 14 millionar menneske kan vere råka av flaumen. Dei reknar med at uvéret i landet har kosta 1.600 menneske livet.
Les også:
Vanskeleg å redde frå båt
Ifølgje meteorologar er flaumen utløyst av eit kraftig regnvér der det kom 312 millimeter nedbør på 36 timar. Flaumen skal vere den mest alvorlege i Pakistan på 80 år.
Regnet har øydelagt fleire vegar og bruer. Flaumvatnet har også gjort at det har vore vanskeleg å drive redningsarbeid med båtar.
Les også:
|