Hopp til innhold

1 av 4 er arbeidslause i Spania

Ikkje eingong turistsesongen kunne betre arbeidsmarknaden i Spania i år. No må ein tilbake til tida då Franco styrte for å finne liknande tal.

Arbeidsløse i Spania

Køen av jobbsøkjarar vert berre lenger og lenger i Spania.

Foto: JUAN MEDINA / Reuters

Til saman er det no 5,7 millionar spanjolar som står utan arbeid. Det tilsvarar 24,6 prosnt av arbeidsstyrken, mot 24,4 prosent i første kvartal, skriv Reuters.

Dette er det høgste nivået sidan Spania vart demokratisert på 1970-talet.

– Vil berre bli verre

– Dette er ein ny indikasjon på den grufulle situasjonen til den spanske økonomien. Det viser at det ikkje er sannsynleg at økonomien vil betre seg i den nærasta framtida, og sannsynlegvis falle i ein djupare resesjon. Ting kjem berre til å bli verre, seier økonomen Ben May i Capital Economics til Reuters.

Frå april til juni var det 53.500 nye arbeidslause i landet, ein auke som var mindre enn i det første kvartalet. Då mista heile 365.900 spanjolar jobbane sine.

Vanlegvis så brukar jobbmarknaden å ta seg opp i sommarhalvåret grunna turismen. Men i år var ikkje det nok til å for å bremse jobbkrisen i landet.

1 av 2 unge utan jobb

Nesten ein tredjedel av alle arbeidslause i Eurosonen befinn seg no i Spania. Verst er det for dei unge; ifølgje statistikk frå Eurostat er omkring halvparten av spanjolar under 26 år arbeidslause.

Men det kom ikkje berre dårleg nytt i Spania i dag. Renta på 10 års statsobligasjonar fall med ein prosent til 6,76 %, etter at presidenten i EU-kommisjonen talte i går.

På mandag vil sentralbanken i Spania publisere dei overordna tala for den spanske økonomien. Ifølgje forventningane vil økonomien krympe med 0,4 prosent, mot 0,3 prosent i første kvartal.

For ei knapp veke sidan vart det beslutta at Spania får eit kriselån frå EU på 100 milliardar euro.

Den spanske økonomien har stagnert eller vore i resesjon heilt sidan starten av 2008.

SISTE NYTT

Siste nytt