Ifylgje talsmannen er den framre luka på båten "Kursk" så øydelagd at det ikkje er råd for mannskapet å bruke den til å kome seg ut av båten.
Men ei anna luke kan framleis nyttast, opplyser talsmannen, som seier skadane skuldast ein kraftig eksplosjon.
Ekspertar frå den britiske marinen har sett videobilete av den havarerte ubåten for å kunne hjelpe til med planleggjinga av redningsaksjonen.