NRK Meny
Normal

- Ville drepe 1000 for å vise støtte til IS

Ein 19 år gammal mann er arrestert i Nord-Carolina i USA for terrorplanar. Han skal ha sagt til ein FBI-agent at han ville drepne 1000 menneske for å vise støtte til terrorgruppa Den islamske staten, IS.

Medlemmer av terrorgruppen Den islamske staten

Medlemer av IS rykkjer fram i Irak. I USA er det mange saker der unge menn ynskjer å gjennomføre drap for å vise støtte til IS.

Foto: - / Afp

19-åringen frå byen Morganton er tiltalt for fleire forhold. Visestatsadvokat for nasjonal tryggleik i USA, John P. Carlin, seier at mannen «planla attentat og valdelege angrep i USA».

Det føderale politiet FBI starta etterforsking av mannen etter at faren hans ringde inn ei uromelding om framferda hans til naudtelefonen 911. Den 19 år gamle mannen, som nyleg hadde konvertert til islam, byrja å knuse Buddha-statuar og andre religiøse symbol i barndomsheimen.

Hemmeleg agent

Ein hemmeleg FBI-agent fekk kontakt med 19-åringen 6. juni. Då fortalde han at han var konvertitt. I ein samtale to dagar etter sa han at han ville ta livet av 500 menneske, men dagen etter sa han at han ville drepe 1000 ved hjelp av biologiske våpen, kuler dyppa i cyanid og gassbomber.

Ifølgje FBI-agenten sa Sullivan at han ville gjennomføre «mindre attentat som trening før det store angrepet». Han fortalde agenten at han ville kjøpe seg eit halvautomatisk våpen på ei våpenmesse, og han bad politiagenten skaffe seg ein lyddempar.

19-åringen sa at han ville gjennomføre angrepa mellom 21. – og 23. juni, fordi foreldra hans då var bortreiste. Han spurde også FBI-agenten om han ville drepe foreldra.

Kraftig økning i global terror

- Al Qaida i djup krise etter IS-framgang

Mange liknande saker

Fengslinga av denne ungdomen er den siste i ei rad arrestasjonar av unge menn som har uttrykt ynskje om å gjennomføre angrep i USA til støtte for IS.

Sist fredag vart to menn i Boston framstilte for retten i Boston for å ha planlagt å halshogge politifolk i delstaten Massachusetts. I Ohio vart ein mann arrestert for å ha prøvd å støtte IS materielt.

Føderale tenestemenn seier til Reuters at dei etterforskar liknande saker i alle dei 50 delstatane i USA.

Han vart arrestert sist fredag utan dramatikk, melder nyheitsbyrået AP.

Frykter IS har kommet for å bli

Mener drept Boston-mann ville halshogge politimenn

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt