Av:
Hege Moe Eriksen
/
- For den som trur på hekser, blir kvar kvist eit bevis, seier Hans Blix (Foto: Getty Images)
Blix heldt foredrag på Universitetet i Oslo i dag, og han understreka der kor vanskeleg det er å hente korrekt etteretningsinformasjon ut av satellittbilete og avhopparar frå eit regime.
Både USA og Storbritannia let uavhengige kommisjonar sjå på kva som utløyste angrepet på Irak, og Blix meiner dette arbeidet er svært viktig.
Kritisk tenking
- Kritisk tenking er nødvendig om vi ikkje skal gå til krig på feil grunnlag, seier Blix, som ser Irak-krigen som ei stadfesting på kor nødvendig det er å halde fram med den kritiske tenkinga.
- Her trudde ein i staden i stor grad på at hekser finst. Og trur ein på det, blir også kvar kvist eit bevis, seier han.
Rettsleg etterspel?
På spørsmål om det bør få eit rettsleg etterspel om det ikkje blir funne masseøydeleggingsvåpen i Irak, svarar Blix kort:
- Det trur eg ikkje er realistisk.