Hopp til innhold

- Vi må ikkje gi etter for vald

- Vi må vere opptekne av tryggleiken til våre soldatar i utlandet. Vi må gjere alt vi kan for å ta vare på dei, men vi kan ikkje gi etter for valdsbruk, seier utanriksminister Jonas Gahr Støre.

AFGHANISTAN-UNREST-US-RELIGION-KORAN-PROTEST

Minst sju FN-tilsette vart drepne i angrepet i Mazar-e-Sharif fredag.

Foto: STR / Afp

Jonas Gahr Støre

Utanriksminister Jonas Gahr Støre fordømmer angrepet på FN i Afghanistan.

Foto: Gry Blekastad Almås / NRK

I går vart den norske oberstløytnanten Siri Skare brutalt drepen i eit angrep på FN-hovudkontoret i Mazar-e-Sharif i Afghanistan saman med fleire andre FN-tilsette. Taliban har teke på seg skulda for angrepet, som dei seier berre er starten.

- Heilt nødvendig

Støre understrekar at FN sin innsats i Afghanistan er heilt nødvendig for å gi hjelp til innbyggjarane. Han håpar at denne tragiske hendinga ikkje får verdsorganisasjonen til å trekkje seg ut.

-- Dette var ei grusom hending. Vi har mist ein norsk statsborgar i FN-teneste, ei som har engasjert seg i å arbeide for fred, som er den første norske kvinna som er drepen i uniform. Vi sørgjer med familien hennar, og vi fordømmer det som skjedde, seier Jonas Gahr Støre i eit intervju med NRK.

- No er det viktig å stille opp for familien hennar, seier han.

LES OGSÅ: – Noen av angriperne var åpenbart bevæpnet

LES OGSÅ: Flagget på halv stang for Siri Skare

FN-sjefen kondolerte

Siri Skare ble drept i Afghanistan 1. april 2011

Siri Skare vart drepen i angrepet mot FN-hovudkvarteret i Mazar-e-Sharif.

Foto: Forsvaret

Støre fekk tidlegare i dag ein telefon frå FNs generalsekretær Ban Ki-moon. Han framførte sine kondolansar etter drapet på den norske FN-offiseren Siri Skare i Mazir-e-Sharif i Afghanistan i går.

Støre fortel at Ban Ki-moon rosa hennar viktige innsats for FN og Afghanistan si framtid, og han omtalte henne som ein uvurderleg resurs for FN-kontoret i Mazir-e-Sharif.

FN-sjefen hadde snakka med presidenten i Afghanistan, Hamid Karzai, og han lovar full etterforsking for å finne dei som stod bak angrepet.

LES OGSÅ: Ti drept i nye protester mot koranbrenning

LES OGSÅ: Afghaner arrestert etter FN-angrep

Koranbrenning

Brenning av koranen er ei respektlaus og uansvarleg handling, men det kan sjølvsagt ikkje legitimere angrepet mot FN i Afghanistan i går, seier utanriksminister Jonas Gahr Støre.

Støre seier at denne hendinga viser kor samanhengande verda har blitt. Ei koranbrenning i Florida i USA fører til denne forferdelege hendinga i Afghanistan, der ei norsk kvinne i teneste for FN brutalt blir drepen.

LES OGSÅ: Afghaner arrestert etter FN-angrep

LES OGSÅ: 27 demonstranter pågrepet etter angrepet

LES OGSÅ: Døde i et etnisk lappeteppe

SISTE NYTT

Siste nytt