- USA seier at etter Irak er det vår tur, seier visedirektør Ri Pyong-gap i det nordkoreanske utanriksdepartementet til den britiske avisa The Guardian.
- Men vi har våre mottiltak. Førebyggjande angrep er ikkje berre USAs eksklusive rett, seier han.
Kommentaren kom berre ein dag etter at den nordkoreanske hovudstaden Pyongyang var prega av ei flyangrepsøving, der gatene blei reinsa for folk.
Uklart
Det omstridde Yongbyoen-anlegget i Nord-Korea. (Foto: Quick Bird-Scanpix-Reuters)
Samstundes er det uklart om Nord-Korea har starta opp den omstridde Yongbyon-reaktoren som kan produsere plutonium. Dette kan igjen brukast til atomvåpen.
Ri Pyong-gap åtvara mot at krisa som har oppstått no er verre enn den som var mellom USA og Nord-Korea i 1993.
Den nordkoreanske avisa Rodong Sinmun skriv at eit
amerikansk overraskingsangrep på ein nordkoreansk atomreaktor vil utløyse eit kraftig motangrep
- Når USA gjer eit overraskingsangrep på våre fredelege atomanlegg, vil det utløyse total krig, skriv avisa til regimet i landet i ein kommentar.
Ikkje stadfeste
Sør-Korea kan ikkje stadfeste at Nord-Korea har starta opp igjen den omstridde atomreaktoren, vedgår ein tenestemann i Seoul.
Amerikanarane mistenkjer Nord-Korea for at dei vil bruke plutonium frå reaktoren til å utvikle atomvåpen, og dermed true tryggleiken både på Korea-halvøya og i heile det søraustlege Asia.
Dersom nordkoreanarane skaffar seg kjernefysiske våpen, ville det vere særleg farleg for Sør-Korea.
Men sørkoreanarane har ikkje funne bevis for at reaktoren verkeleg er sett i gang igjen.
-Så langt har ingen kunna stadfeste noka gjenopptaking av verksemda ved atomanlegget, sa ein ikkje namngjeven sørkoreansk tenestemann til telegrambyrået Yonhap.
Tolkningar
Nordkoreansk soldat på grensa mellom Sør- og Nord-Korea. (Foto: Scanpix-Reuters)
Nord-Korea normaliserer no drifta ved dei kjernefysiske anlegga sine, slik at produksjonen av elektrisitet kan kome i normalt gjenge, heitte det i ei kunngjering frå utanriksdepartementet i Pyongyang tidlegare i dag.
Dette blei straks tolka som at at reaktoren alt var starta. Men nærare gransking av formuleringane i kunngjeringa viste at alarmklokkene nok blei utløyste i tidlegaste laget, medgav den sørkoreanske tenestemannen.
- Når ein les meldinga frå det nordkoreanske telegrambyrået KCNA nærare, tyder språket på at dei førebur ein gjenstart av reaktoren, snarare enn på at dei alt har starta han, forklarte han.
Stortromme
Yonhap-meldinga om det som blei tolka som ein nystart, skremde ikkje berre mange sørkoreanarar, men fekk også regjeringstalsmenn i USA til straks å slå på den tryggingspolitiske stortromma.
Donald Rumsfeld. (Arkivfoto)
-Dette er eit svært farleg trekk frå det nordkoreanske terroristregimet si side. Det er ekstra skremmande at dei sjølve seier ope frå om det, sa forsvarsminister Donald Rumsfeld.
Den nasjonale tryggingsrådgjevaren Condoleezza Rice brukte til og med meldinga om reaktorstarten som eit argument for at amerikanarane bør gå til krig mot Irak:
-Dei som seier vi må vente, bør lære av dette: Vi kan ikkje vente med å handle, medan problema stadig veks, sa Rice til det amerikanske fjernsynsselskapet ABC.
Men han understreka samstundes at det enno er mogeleg å finne ei diplomatisk løysning på striden med Nord-Korea.