I eit intervju med BBC gjentek Petraeus kor viktig det er å øydeleggje dei trygge tilhaldsstadene til den islamistiske opprørsgruppa. Og han reknar ikkje med å nedkjempe Taliban med det første, sjølv om forholda no er betre i blant anna Helmand-provinsen.
David Petraeus er uroa over dei høge tapstala i den internasjonale styken i Afghanistan.
Foto: Steve Ruark / Ap- Det ligg mange harde slag framfor oss, seier Petraeus.
LES OGSÅ:
LES OGSÅ:
- Det vil ta tid
Han seier at framgangen Taliban har hatt i Afghanistan dei siste åra, er stansa i fleire viktige område, og han er overtydd om at det same vil skje også i andre delar av fjellandet. Men han presiserer at det vil ta tid.
Ved sidan av Helmand er det også framgang i Kandahar, begge område der Taliban har hatt sterkt fotfeste.
I hovudstaden Kabul skjer det også mykje positivt, seier han, og viser til at afghanske styrkar no har teke over tryggingsansvaret i heile byen, bortsett frå eitt område.
Afghanske soldatar har teke over tryggingsnasvaret i store delar av Kabul.
Foto: YURI CORTEZ / AfpLES OGSÅ:
LES OGSÅ:
Høge tapstal
Trass i det Petraeus meiner er framgang for den internasjonale styrken i Afghanistan, er han uroa over dei høge tapstala. Hittil i år 453 NATO-soldatar drepne i landet, medan tala for i heile fjor var på 520.
- Når du tek frå fienden område som betyr mykje for dei, så kjempar dei tilbake. Det vil bli tøffare før det blir betre, seier han.
Petraeus seier dette same dagen som at to nye NATO-soldatar er drepne i landet. Ein amerikansk soldat er drepen av ei vegbombe sør i Afghanistan, medan ein annan NATO soldat er drepen på same måten nord i landet.
Det er ikkje snakk om ein norsk soldat, får NRK.no opplyst av oberstløytnant John Espen Lien, fungerande kommunikasjonssjef ved Forsvarets fellesoperative hovudkvarter.
LES OGSÅ:
LES OGSÅ:
Juli 2011
USAs president Barack Obama har som mål at dei amerikanske kampstyrkane kan trekkjast ut av Afghanistan innan juli 2011. Petraeus seier han ser på denne fristen som "ein dato for starten på ein prosess".
Generalen gjer det klart at han kjem til å gi sine råd til presidenten når det gjeld denne tidsplanen.
På spørsmål om han er redd for å bli sparka frå jobben, slik det skjedde med forgjengaren Stanley McChrystal, seier Petraeus dette:
- Når du går inn i ein jobb som dette, så trur du at det er den siste jobben din. Du berre gjer så godt du kan.
LES OGSÅ:
LES OGSÅ: