Hopp til innhold

- Vi har jernvilje til forsvar

- Alle som går til angrep på Israel vil få erfare at vi har ein jernvilje til å forsvare oss, seier Israels statsminister Benjamin Netanyahu.

Israels statsminister Benjamin Netanyahu.

Benjamin Netanyahu seier at Israel har ein jernvilje til å forsvare seg.

Foto: Oded Balilty / Ap

Eksplosjon på busstasjon i Jerusalem

Ei bombe eksploderte like ved ein buss i Jerusalem i dag.

Foto: MARINA PASSOS / Afp

Netanyahu snakka til journalistar på Ben Gurion-flyplassen i kveld, før han reiste på ein 24 timar langt besøk i Moskva.

- Israel vil handle aggressivt, ansvarleg og klokt for å oppretthalde ro og tryggleik, seier han.

Netanyahu seier dette etter at Jerusalem vart ramma av ei terrorhandling i ettermiddag , der eitt menneske døydde og over 30 vart såra. I natt vart det skote rakettar frå Gazastripa mot fleire israelske byar, og Israel svarte med bombing av mål på Gazastripa.

I går vart åtte menneske drepne på Gazastripa i israelske angrep, etter at det var skote rakettar og granatar mot Israel frå området.

I kveld seier ein talsmann for Hamas, makthavarane på Gazastripa, at dei vil sørgje for å gjeninnføre ro og orden i området. Han gjer det klart at Hamas ynskjer å vende tilbake til situasjonen slik han var før konflikten vart trappa opp.

Bombeangrep på busstasjon i Jerusalem

Ei kvinne vart drepen, og over 30 vart såra i bombeangrepetm mot ein buss i Jerusalem i dag.

Foto: MARINA PASSOS / Afp

SISTE NYTT

Siste nytt