Hopp til innhold

- Vi er sjokkerte og skremde etter det som har skjedd

Ein tydeleg prega president Barack Obama talte til folket i Dallas frå NATO-toppmøtet i Warszawa. Han kalla angrepet vondskapsfullt, kalkulert og forakteleg.

Obama sier at Ikke noe kan rettferdiggjøre vold mot politiet

USA-president Barack Obama er skrekkslagen etter drapa på fem politibetjentar i Dallas.

– Vi veit framleis ikkje alle fakta, men det vi veit er at det har vore eit vondskapsfullt, kalkulert og forakteleg angrep på dei som skal sikre lov og orden. Politiet i Dallas var på vakt og gjorde jobben sin for å halde folk trygge under ein fredeleg demonstrasjon, sa Obama om angrepet i Dallas.

Presidenten var opprørt under talen han heldt framfor det europeiske pressekorpset som er samla på NATO-toppmøtet i Warszawa i Polen.

- Vi er skremde over det som har skjedd og står saman med folket og politiet i Dallas, heldt han fram.

Han presiserte at rettferd skal vinne og at FBI no jobbar saman med politiet i Dallas for å forfølgje alle spor etter dei som står bak angrepet.

– Alle som er involvert i desse drapa vil bli haldne ansvarleg fortalde Obama.

Fem politifolk er døde etter at snikskyttere gikk til angrep under en demonstrasjon i Dallas, Texas. Tre mistenkte er pågrepet, og en er skutt og drept av politiet.

VIDEO: Dette har skjedd.

Til angrep på våpenlova - igjen

Og på ny gjekk Obama til angrep på våpenlovene i USA.

– Vi veit at når folk er væpna, gjer det angrep som dette meir dødeleg og meir tragisk. I dagane som kjem må vi ta inn over oss dei realitetane også.

Han viste til politidrapa i Louisiana og Minnesota tidlegare i veka, og la til at det er ingen motsetnad mellom å støtte politiet og rette opp rasediskriminering i rettssystemet.

– Politiet vårt har ein svært krevjande og vanskeleg jobb. Dei fleste utøver jobben sin svært godt. Vi må også støtte dei betjentane som gjer jobben sin kvar einaste dag. Dei beskyttar kvar enkelt av oss og samfunnet vårt. I dag blir vi påminna det dei ofrar for oss, heldt presidenten fram.

Sende kondolansar

Men presidenten som har fått fleire skotvekslingar i fanget den siste veka ville i dag fokusere på ofra og deira pårørande.

– Dei er knust. Heile byen i Dallas sørger. Politiet i USA er tett knytt saman og dei har mista nokon av sine eigne. Vi sørger saman med dei.

Obama har i dag vore i kontakt med borgarmesteren i Dallas, Mike Rawlings, for å sende sine kondolansar og støtte.

– Jeg tror en annen politibetjent er nede, sier øyevitne Michael Kevin Bautista mens han gjemmer seg bak et tre og filmer dramatikken. NB: Sterke bilder.

VIDEO: – Jeg tror en annen politibetjent er nede, sier øyevitne Michael Kevin Bautista mens han gjemmer seg bak et tre og filmer dramatikken. NB: Sterke bilder.

Skuddveksling i Dallas

SISTE NYTT

Siste nytt