Lavrov er sterkt uroa over situasjonen i Nord-Afrika, som han meiner er ute av kontroll. Området flyt over av våpen, og mykje av våpna kjem nettopp frå Libya, meiner han.
Han meiner dei vestlege land sjølve har bygd opp styrken til dei krigarane som no kjempar for å innføre ein streng islamistisk stat i Mali. Og dei som stod bak terrorangrepet i Algerie sist veke har same røtene, meiner han.
Støtta Mali-resolusjon
Russland støtta ein resolusjon i Tryggingsrådet i FN som tillet ein militær intervensjon i Mali, og landet røysta ikkje mot resolusjonen i Tryggingsrådet som opna for intervensjon i Libya i 2011.
Russland har likevel gjort det klart at dei meiner at USA og NATO gjekk ut over dette mandatet då det vart sett inn bombefly mot Gaddafi-regimet.
Målet med den franske og afrikanske aksjonen i Mali er å hindre framveksten av ekstrem islamisme i Nord-Afrika, men Lavrov er ikkje særleg optimistisk.
LES OGSÅ:
LES OGSÅ:
– Ute av kontroll
– Terrorhandlingar skjer nesten dagleg, det er ei ukontrollert spreiing av våpen, militante islamistar infiltrerer over heile Sahara, sa Lavrov blant anna i dag.
Den russiske utanriksministeren gjer det klart at situasjonen i Mali er ein konsekvens av det som skjedde i Libya i 2011. Også USAs utanriksminister Hillary Clinton seier at det ikkje er tvil om at Al Qaidas avleggjar i Nord-Afrika, Al Qaida i Maghreb (AQIM), har fått våpen frå Libya.
Samstundes avviser Lavrov meldingar om at Russland har lovd å hjelpe Frankrike med transport av soldatar til Mali.
LES OGSÅ:
LES OGSÅ:
– Tidsinnstilt bombe
– Det er viktig no å lyfte hovudet sitt litt og sjå over horisonten, gå djupare inn i problematikken. Konfliktane i Midtausten og i Nord-Afrika heng saman og vil vere ei tidsinnstilt bombe i fleire tiår framover, sa Sergej Lavrov i dag.
LES OGSÅ: