Hopp til innhold

- Ventar på Sarkozy sine fly

Opprørarane i Libya er på retrett, og ventar no på luftstøtte frå «Sarkozy sine fly» før dei rykkjer fram mot Muammar al-Gaddafi sin heimby, Sirte.

Video Libyske opprørar vert pressa ut av fleire byar

Gaddafi sine styrkar er på offensiven og har lukkast med å pressa opprørarane vekk frå Misrata og Bin Jawad.

Tysdag har Gaddafi-lojale styrkar slått tilbake mot opprørssoldatane sin marsj vestover i Libya.

Fleire av dei som kjempar mot Gaddafi seier til AFP at dei no ventar på at jagarflya til den franske presidenten Nicolas Sarkozy skal gje dei luftdekning, før dei gjer fleire forsøk på å ta byen Sirte.

Gaddafi slår tilbake

Sirte er fødebyen til den libyske diktatoren Gaddafi, og det neste store erobringsmålet til opprørarane.

I går var dei berre 60 kilometer unna den symbolsk viktige byen. Gaddafi vernar om heimstaden sin med nebb og klør, og sende forsterkingar for å unngå at Sirte hamna i motstandarane sine hender.

Forsterkingane førte til at opprørarane måtte trekkja seg ut og tilbake mot aust.

No er håpet at dei internasjonale styrkane kjem dei til hjelp, slik franske fly gjorde då Gaddafi sine menn var i ferd med å ta Benghazi laurdag 19. mars.

Tilbakeslag mot opprørarane i Libya

Opprørssoldatar legg på sprang frå frontlinja utanfor Bin Jawad, etter å ha vorte pressa tilbake av regjeringsstyrkane tysdag.

Foto: Anja Niedringhaus / Ap

Panikkslegen retrett

I dag har dei mista kontrollen til regjeringsstyrkane i fleire byar. Ifølgje AFP har Gaddafi sine stridsvogner og bakkestyrkar reinska Misrata, den tredje største byen i Libya, for all motstand.

I Misrata er minst 142 menneske drepne og 1400 såra av regjeringsstyrkane på under to veker, ifølgje helsepersonell.

Utanfor Bin Jawad, som ligg 160 kilometer aust for Sirte, skaut Gaddafi-soldatane med maskingevær og avfyrte rakettar.

Den aggressive offensiven utløyste ein panikkslegen, kaotisk retrett blant opprørarane, som er langt dårlegare væpna enn sine motstandarar.

Ifølgje Reuters gjekk opprørssoldatane i dekning bak sanddyner og gjorde eit kort forsøk på å svara på kulehaglet, men måtte gje opp etter få minuttar.

Misrata, Libya

I byen Misrata er det Gaddafi-tilhengarane som har kontrollen.

Foto: Albert Facelly / Ap

Førebur demokratisk val

David Cameron og Hillary Clinton

David Cameron og Hillary Clinton i den britiske statsministerbustaden like før dagens internasjonale Libya-møte.

Foto: SUZANNE PLUNKETT / Reuters

I dag er representantar frå 35 ulike land, inkludert sju arabiske statar, samla til ein internasjonal konferanse i London. Det er situasjonen i Libya og vegen vidare for det Nord-afrikanske landet som vert drøfta.

Samstundes kjem det politiske organet til opprørsrørsla i Libya, det midlertidige Nasjonale Rådet, med ei kunngjering.

Rådet vil halda frie og rettferdige val og jobba for ein overgang til demokrati, dersom Gaddafi vert tvinga til å gå av.

Dei ønskjer å byggja ein «moderne, fri og sameint stat», heiter det i meldinga.

SISTE NYTT

Siste nytt