Chris Christie, den populære guvernøren i New Jersey, gav i dag overraskande si støtte til Donald Trump i kampen om å bli presidentkandidat for Det republikanske partiet.
Christie var sjølv kandidat, men trekte seg frå kampen for to veker sidan. Det at han no gir si heilhjarta støtte til Donald Trump vil ytterlegare styrkje kandidaturet til den styrtrike eigedomsmagnaten.
Supertysdag
– Dette er overraskande og viktig, seier USA-korrespondent Tove Bjørgaas.
Foto: NRKNRKs USA-korrespondent Tove Bjørgaas seier at fråsegna frå Christie kom overraskande på det politiske miljøet i USA. Ho minner om at Christie høyrer til i sentrum av Det republikanske partiet, og at han er den første av dei etablerte politikarane i partiet som støttar Trump.
Og det skjer berre få dagar før den såkalla supertysdag, der fleire viktige delstatar skal gi sine røyster, blant dei den folkerike delstaten Texas.
Ei kjelde Bjørgaas har i valkampanjen til Trump seier i kveld at dette er noko dei har jobbe med lenge.
– Det er svært viktig for Trump-kampanjen å vinne Texas. Gjer det dei, blir det svært vanskeleg å hindre Donald Trump å bli Det republikanske partiet sin presidentkandidat, seier Bjørgaas.
Mange politiske observatørar i USA ser no Chris Christie som ein sannsynleg visepresidentkandidat for Trump. Med den sterke støtta han har i sentrum av partiet, vil dei saman ha gode sjansar til å slå Hillary Clinton i presidentvalet, meiner Bjørgaas.
– Heilt ny utvikling
– Dette er ei heilt ny utvikling. No har Trump med eitt ei mykje breiare støtte enn han hadde tidlegare, seier USA-korrespondenten.
Storavisa
skriv i kveld norsk tid at Chris Christie hadde fire gode grunner til å støtte Donald Trump.Punkt 1: Han er ein politisk realist, som har sett at Trump kjem til å vinne denne kampen. Christie er som dei fleste politikarar med suksess meir pragmatisk enn idealistisk.
Punkt 2: Chris Christie ynskjer å setje seg sjølv i ein posisjon der han kan vere aktuell som visepresident.
Punkt 3: Christie mislikar sterkt dei to andre aktuelle kandidatane, Marco Rubio og Ted Cruz.
Punkt 4: Chris Christie har eit personleg forhold til Donald Trump. Dei to har kjent kvarandre i fleire år, og dei har hatt godt samarbeid tidlegare.
Tryggleik og jobbar
Chris Christie sa då han annonserte støtta si til Trump i dag at Trump er den av dei republikanske kandidatane som har størst sjanse til å vinne presidentvalet.
– Trump vil gjere det som er naudsynt for at folk skal vere trygge, og skape fleire jobbar, sa New Jersey-guvernøren blant anna.