NRK Meny
Normal

- Utsletta lokal 'Ndrangheta-klan

Italiensk politi har arrestert 67 personar og teke beslag i verdiar for 250 millionar euro i ein ny storaksjon mot den mektige 'Ndrangheta-mafiaen.

Natalia Amato er ei av i alt 67 som vart arresterte i aksjonen.

Natalia Amato er ei av i alt 67 som vart arresterte i aksjonen.

Foto: MARIO TOSTI / Afp

Ein polititalsmann seier at dei rett og slett har «utsletta» ei familiegrein i byen Corigliano Calabro i Calabria-regionen på sørspissen av det italienske fastlandet, der 'Ndrangheta har hovudsetet sitt.

Arrestasjonane retta seg også denne gongen mot ein av dei mange familieklanane i organisasjonen og deira økonomiske interesser.

To av brørne til ordføraren i byen er blant dei arresterte.

LES OGSÅ: Toppsjefen i 'Ndrangheta arrestert

LES OGSÅ: Nonnekloster var narko-reir

Mange vart arresterte i byen Corigliano Calabro i Calabria.

Aksjonen retta seg mot ein familieklan i byen Corigliano Calabro.

Foto: MARIO TOSTI / Afp

Både i nord og sør

Fleire hundre politifolk gjekk til aksjon i morgontimane i dag både i Calabria-regionen i sør og Lombarda-regionen i nord. Det var gjort arrestasjonar i både Milano og Bologna.

Dei pågripne er sikta for å ha kontakt med mafiaen, narkotikatrafikk og ulovleg utlån av pengar.

Politiet gjekk til aksjon etter tips frå tidlegare mafiamedlemer, blir det opplyst.

67 personar vart arresterte i aksjonen.

Ein av dei pågripne blir ført bort av politiet.

Foto: MARIO TOSTI / Afp

Samstundes seier politiet i Roma at dei er i ferd med å aksjonere mot ei anna familiegrein av 'Ndrangheta-mafiaen for liknande brotsverk.

LES OGSÅ: Mafiaen ville sikre frukt-monopol

LES OGSÅ: Italiensk mafiaboss pågrepet

Toppsjefar pågripne

Arrestasjonane i dag kjem få veker etter at politiet sist aksjonerte mot 'Ndrangheta-mafiaen. Då vart fleire av toppsjefane i organisasjonen pågripne saman med over 300 andre. Det var også teke arrest i verdiar for fleire hundre millionar euro.

Dei siste åra har 'Ndrangheta blitt den sterkaste og mest frykta mafiagrupperinga i Italia, etter i mange år ha vore i skuggen av Cosa Nostra på Sicilia og La Camorra i Napoli-området.

I dag er 'Ndrangheta rekna for å vere den viktigaste aktøren i internasjonal narkotikahandel, og organisasjonen har så godt som monopol på kokainsmuglinga frå Colombia.

Omfattande kvitvasking

Italienske ekspertar har rekna ut at 'Ndrangheta har inntekter på 44 milliardar euro i året, rundt 350 milliardar norske kroner.

Pengane blir kvitvaska gjennom investeringar i lovlege selskap, spesielt i det nordlege Italia og i utlandet.

'Ndrangheta-mafiaen vart for alvor internasjonalt kjend etter at seks medlemer vart drepne av folk frå ein konkurrenrande klan utanfor ein pizzarestaurant i den tyske byen Duisburg i august 2007.

Seks av dei pågripne i aksjonen mot 'Ndrangheta.

Dette er seks av dei pågrpne i aksjonen i dag.

Foto: MARIO TOSTI / Afp

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

LES OGSÅ: Kirken kastet mafiaen ut av påskeprosesjon

LES OGSÅ: Senator går etter mafia-skuldingar

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt