- Utruleg at alle er i live

Eit Airbusfly med rundt 150 personar om bord krasjlanda i dag i Hudson-elva i New York. Ingen menneskeliv gjekk tapt.

Video nsps_upload_2009_1_15_23_7_38_2573.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Luftfartsstyresmaktene i USA stadfestar at ingen omkom då flyet krasjlanda.

- Det er heilt utruleg at alle er i live, seier passasjer Albert Panero.

Passasjerane klatra ut på vengjene av flyet, der dei venta på å verte redda, opplyser vitne. Båtar og helikopter deltok i redningsaksjonen.

- Ikkje terrorisme

Krasjlandinga skuldast at flyet kolliderte med ein fugleflokk, melder Reuters.

- Krasjlandinga hadde ingenting med terrorisme å gjere, seier ein talsperson for regjeringa.

Flyet, som er av typen Airbus A320-FAA, hadde teke av frå LaGuardia-flyplassen og var på veg til Charlotte i delstaten North-Carolina då det gjekk ned.

- Alle overlevde

Ifølgje CNN var det 150 passasjerar og eit mannskap på fem personar om bord i flyet.

Fox News melder at alle personar har overlevd krasjlandinga.

Fleire personar er derimot skadde.

- Folk blødde overalt. Vi trefte vatnet temmeleg hardt, seier passasjer Jeff Kolodjay til Reuters.

Minst 50 personar er frakta til sjukehus. Fleire av dei er kraftig nedkjølt etter landinga i elva. Temperaturen på vatnet er på rundt 0,5 grader, melder CNN.

Video nsps_upload_2009_1_15_22_6_56_2568.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Video: Fly styrta i elva

- Ute av kontroll

Passasjer Alberto Panero fortel CNN at han høyrte eit høgt smell rett etter at flyet hadde teke av frå La Guardia-flyplassen.

- Flyet rista litt og så kjente vi at det lukta røyk og at flyet tok til å gå i ei anna retning, seier han.

- Det verka som om flyet var ute av kontroll, legg han til.

Augnevitne som såg flyet krasjlande seier dei såg eit stort plask då flyet slo ned på vatnet.

- Det var som om dei landa på vatnet, seier eit augnevitne.

SISTE NYTT

Siste nytt