Eit Iran med atomvåpen vil true eksistensen til Israel og true tryggleiken til nasjonane ved Persiabukta og stabiliteten til den globale økonomien, sa Obama. Og han var klar på at det ikkje er uendeleg med tid til å løyse striden med Iran på diplomatisk vis.
Barack Obama retta ein åtvarande peikefinger mot Iran.
Foto: JOHN MOORE / AfpObama skulda iranske styresmakter for ikkje berre å undertrykkje sitt eige folk, men også å støtte opp under regimet i Damaskus og å støtte terrorgrupper i utlandet.
– Det er på tide å isolere eit regime som har gjort hatet til USA, Israel og Vesten til sitt viktigaste politiske prinsipp, sa Obama blant anna.
– Tida ute for Assad
Den amerikanske presidenten gjorde det også klart at tida for det syriske regimet er ute. Han bad om hardare sanksjonar mot regimet til Bashar al-Assad og konsekvensar dersom han held fram den brutale borgarkrigen.
- Framtida må ikkje tilhøyre ein diktator som massakererer sitt eige folk, sa han.
Barack Obama kom også med sterk kritikk både av den islamfiendtlege filmen som utløyste uroa i den muslimske verda, og dei valdelege angrepa som kom i kjølvatnet av filmen. Han sa at filmen ikkje berre er krenkjande for muslimar, men også for USA.
- Skal finne dei ansvarlege
Han gjorde det likevel klart at ikkje noko kan rettferdiggjere drapa på fire amerikanske diplomatar i Libya, brenning av restaurantar i Libanon eller angrep på ambassadar i Tunisia og Egypt.
Presidenten lova å jakte på og finne dei som var ansvarlege for drapa på den amerikanske ambassadøren og tre andre diplomatar i Benghazi i Libya.
Obama sa også at det er viktig å arbeide for ein rettferdig fredsavtale mellom Israel og palestinarane.
Åtvarar mot krigsretorikk
Generalsekretær i FN, Ban Ki-moon meiner at tida er i ferd med å renne ut for ei tostatsløysing i Midtausten.
Foto: ReutersGeneralsekretær i FN, Ban Ki-moon var først ute på talarstolen i hovudforsamlinga. Han gjorde det klart at han er sterkt uroa over krigsretorikken som både Iran og Israel nyttar.
Han sa at eit angrep på Iran vil få svært øydeleggjande følgjer, og han åtvara på det sterkaste mot forsøk på ei militær løysing på striden om det iranske atomprogrammet.
Ban åtvara også om utviklinga i Midtausten. Han sa i talen sin at tida er i ferd med å renne ut for ei tostatsløysing. Han kom med hard kritikk av den israelske busetjingspolitikken.
Kritikk av Israel
– Tostatsløysinga er den einaste berekraftige løysinga. Men veksten i israelske busetjingar på okkupert palestinsk jord er ei alvorleg undergraving av fredsprosessen. Vi må bryte denne farlege stillstanden, sa generalsekretæren blant anna.