NRK Meny
Normal

- USA like mektig som før

- USA er like mektig som før, men vi må bruke makta vår på ein annan måte enn tidlegare, seier utanriksminister Hillary Clinton om den nye amerikanske tryggingsdoktrinen.

Hillary Clinton på Broooking Institute 27. mai 2010.

USA er like mektig som tidlegare, seier utanriksminister Hillary Clinton

Foto: PAUL J. RICHARDS / Afp

Demokrati og menneskerettar vil også i framtida stå sentralt for USA, sa ho, og la til at den økonomiske politikken til Barack Obama har styrkt USA sin posisjon internasjonalt.

Økonomisk vekst

- Derfor er det å betre den amerikanske økonomien, og stimulere til økonomisk vekst, ein viktig del av tryggingspolitikken, sa Hillary Clinton då ho presenterte den nye doktrinen i kveld norsk tid.

Men ho åtvara om at budsjettunderskot og høg gjeld kan true denne posisjonen.

Den nye tryggingsdoktronen brukar ikkje uttrykket «krig mot terror», som stod sentralt hos Bush. Der Bush-doktrinen sa at USA kan handle åleine, er det no samarbeid med andre nasjonar som står i fokus. Også med land som ikkje har vore USAs allierte.

USA skal søkje kontakt med fiendtlege nasjonar som Iran og Nord-Korea, for å gi dei ein sjanse til å endre kurs. Samstundes skal samarbeidet med dei framveksande supermaktene Kina, russland, India, Brasil, Sør-Afrika og Indonesia styrkjast.

- Krig mot Al Qaida

Det vil framleis bli mogleg for USA å gå til eisidig militært angrep, men sjansen for at det kan skje er klart mindre.

- Vi kjem alltid til å motarbeide terrorisme og dei som nyttar seg av terror. Men fi fører korkje krig mot ein taktikk, terror, eller ein religion, islam. Vi er i krig mot eit nettverk, memleg Al Qaida, blir det understreka i dokumentet.

Dokumentet nemner fleire truslar mot USAs tryggleik, alt frå Internett-krig og epidimiar til etnisk motiverte krigar og ulikskap i samfunnet.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt