Republikanaren Peter King seier at han har fått dette stadfesta av pålitelege kjelder i CIA og FBI. Amerikanske National Public Radio melder at Abu Ghaith alt er på veg til USA, og at han kan bli framstilt for ein domstol alt fredag.
Suleiman Abu Ghaith var svigersonen til bin Laden, og han skal ha vore med på planlegginga av terrorangrepet mot USA 11. september 2001.
– Ein stor siger
Peter King er kongressrepresentant for Det republikanske partiet.
Foto: SAUL LOEB / AfpKing seier at dette er ein stor siger i USAs kamp mot Al Qaida.
Ei tyrkisk avis skriv at abu Ghaith var på gjennomreise i Jordan på veg til Kuwait, etter først å ha vore i Tyrkia. Her vart han internert av tyrkiske styresmakter på eit luksushotell i Ankara, men vart seinare sett fri.
Årsaka til at han vart sett fri igjen var at han ikkje hadde gjort seg skuldig i brotsverk på tyrkisk jord.
LES OGSÅ:
LES OGSÅ:
- Stødig og nådelaust
Tyrkiske styresmakter vil ikkje kommentere meldinga om at Abu Ghaith er teken hand om at amerikansk etterretning.
– Ein etter ein greier vi å ta Al Qaida-toppane. Eg gir Obama-administrasjonen ros for dette. Dei arbeider stødig og nådelaust, og det er ein stor suksess, seier kongressrepresentanten Peter King.
Kuwaitisk statsborgar
Osama bin Laden var svigerfaren til Suleiman Abu Ghaith.
Foto: Scanpix/AFPSuleiman Abu Ghait er opprinneleg frå Kuwait og han har truleg framleis kuwaitisk statsborgarskap. Han er 47 år gammal, fødd i desember 1965. Han vart først kjend etter den irakiske invasjonen av Kuwait i 1990-1991. Han markerte seg som ein sterk motstandar av den irakiske invasjonen, men seinare vende han seg mot den styrande kongefamilien, ifølgje Wikipedia.
Han var ein varm talsmann for at grunnlova skulle skiftast ut med sharialover, og han vart nekta å preike i kuwaitiske moskear. Rundt år 2000 reiste han til Afghanistan, og det var her han kom i kontakt med Osama bin Laden og terrornettverket Al Qaida.
Sidan 11. september 2001 har USA vore på jakt etter han, og han var opphalde seg blant anna i Iran, før han igjen reiste titlbake til Afghanistan.
LES OGSÅ:
LES OGSÅ: