Hopp til innhold

- USA gir opp israelsk byggjestans

Ein høgtståande amerikansk diplomat seier at USA har gitt opp forsøket på å få Israel til å innføre byggjestans i Jerusalem og på Vestbreidda.

Bosetningen Har Homa i Øst-Jerusalem.

USA skal ha gitt opp å få Israel til å stanse nybygging i busetjingar som Har Homa i Aust-Jerusalem.

Foto: GALI TIBBON / Afp

Dette seier den anonyme diplomaten til nyheitsbyrået Reuters i Jerusalem i kveld. Diplomaten seier at USA no prøver å finne andre måtar å få i gang fredsforhandlingane.

LES OGSÅ: - USA klarte ikke overtale Israel

LES OGSÅ: Krever byggestans i Øst-Jerusalem

Konsultasjonar i Washington

Hillary Clinton

USAs utanriksminister Hillary Clinton seier at USA held fram forsøket på å få til forhandlingar.

Foto: JEWEL SAMAD / Afp

Ein amerikansk tenestemann sa til journalistar i Washington i kveld at israelske og palestinske forhandlarar vil kome til USA tysdag om ei veke for å prøve å kome vidare frå den fastlåste situasjonen. Han kalla det som skal skje for «konsultasjonar»

Dei direkte samtalane mellom Israel og palestinarane kom i gang igjen i sep-tember, men braut saman etter kort tid.

Palestinarane vil ikkje delta i nye forhandlingar før Israel innfører byggjestans i busetjingane.

LES OGSÅ: USA vil ha ny bosetnings-stans

LES OGSÅ: Svekket i troen på palestinsk stat

Truar med oppløysing

President Mahmoud Abbas langar ut mot Israel

Mahmoud Abbas truar med å oppløyse dei palestinske styresmaktene.

Foto: FADI AROURI / REUTERS

Den palestinske presidenten Mahmoud Abbas sa i eit fjernsynsintervju sist fredag at han vurderer å oppløyse dei palestinske styresmaktene, dersom ikkje det blir mogleg å få til ein palestinsk stat. Dei palestinske styersmaktene har hatt eit avgrensa sjølvstyre på Vestbreidda sidan 1993.

Ei oppløysing av dei palestinske styersmaktene ville føre til at Israel igjen måtte ta over det administrative og tryggingsmessige ansvaret på Vestbreidda.

USAs utanriksminister Hillary Clinton avviste før helga at samtalane mellom Israel og palestinarane nærma seg full kollaps. Ho sa at USA arbeider intenst for å få forhandlingane i gang igjen.

LES OGSÅ: 600 nye boliger på Vestbredden

LES OGSÅ: Abbas advarer mot ekstremisme

- Innan eitt år

Då forhandlingane starta igjen i september sa USAs president Barack Obama at målet med samtalane var å oppnå semje om ei palestinsk statsdanning innan eitt år.

Israel innførde førebels byggjestans i busetjingane på Vestbreidda i eit halvt år, men då eit halvt år var gått starta landet bygginga igjen for fullt.

Dette trass i sterke protestar frå store delar av det internasjonale samfunnet.

Den israelske regjeringa er delt i synet på byggjestans, og regjeringskoalisjonen til statsminister Netanyahu ville truleg ha brote saman dersom det vart ein ny byggjestans.

SISTE NYTT

Siste nytt