Hopp til innhold

- Ulukke gjorde meg til drapsmann

Anders Eklund, som har tilstått drapet på 10 år gamle Engla Joncusa Höglund, skriv i eit brev at det truleg var ei bilulukke i 1994 som gjorde han til drapsmann.

Anders Eklund er tiltalt for to drap og fleire valdtekter.

Anders Eklund trur ei trafikkulukke gjorde han til drapsmann.

Foto: POLISEN / SCANPIX SWEDEN

I brevet til ei tidlegare venninne, som var med i ulukkesbilen den gongen, at alt byrja rundt to månader etter ulukka i juni 1994.

Då prøvde han å valdta ei 22 år gammal kvinne, og to veker seinare mishandlar han ei 28 år gammal kvinne.

Sidan gjekk det slag i slag med alvorlege valds- og seksualbrotsverk til han vart arrestert etter drapet på Engla Höglund i mai i år.

Anders Eklund har tilstått drapet på 10 år gamle Engla Höglund.

10 år gamle Engla Höglund vart drepen i mai i år.

Foto: SCANPIX SWEDEN / SCANPIX

Det var tidleg i juni i 1994 at Anders Eklund og hans dåverande venninne var på ferietur saman med hennar to småborn i Eklund sin Volkswagen Polo personbil.

I ein kraftig krasj på E4 nord for Stockholm slo Eklund hovudet i frontruta slik at ruta knuste, og han slo haka hardt mot dashbordet. Eklund var den einaste i bilen som ikkje hadde bilbelte på. Dei andre i bilen fekk lettare skadar.

Poloen køyrde inn i ein annan personbil som hadde stansa for å sleppe ein andefamilie over vegen.

- Eg har tenkt på dette. Det var etter denne ulukka det byrja, skriv han i brevet til eks-venninna.

Ho seier på si side at ho ikkje merka noka endring hos Eklund etter ulukka, men at ho ikkje kan utelukke at smellen skada noko i hovudet hans.

Forholdet mellom dei to vart slutt rundt ein månad etter ulukka, men dei har hatt kontakt også etter brotet. Eklund skreiv brevet frå fengselet ikkje lenge etter at han vart arrestert for drapet på 10 år gamle Engla i mai i år.

Sist fredag vart Anders Eklund tiltalt for grov valdtekt av barn og overlagt drap på Engla Höglund, og for grov valdtekt og overlagt drap på 31 år gamle Pernilla Hellgren. Tiltalen omfattar også ei valdtekt til, samt brot på lova om barnepornografi.

SISTE NYTT

Siste nytt