NRK Meny
Normal

- Tyrkia-bombe utløyst ved uhell

Tyrkisk politi trur bomba som gjekk av i den tyrkiske byen Diyarbakir i går kveld og tok livet av 10 menneske, gjekk av ved eit uhell.

10 menneske vart drepne i bombeeksplosjon i den tyrkiske byen Diyarbakir i går kveld.
Foto: Neil Kadirhan, ANATOLIAN

Bomba i går kveld var den dødelegaste hittil i ein serie bombeeksplosjonar i Tyrkia dei siste veke. 10 menneske, sju av dei born, vart drepne i eksplosjonen i ein populær park i eit fattig distrikt av byen.

14 vart såra, og fire ligg framleis på sjukehus. Tyrkiske styresmakter skuldar den kurdiske separatistorganisasjonen PKK for å stå bak.

 

Slektningar ber med seg kista til eit av offera for bombeeksplosjonen i Diyrbakir i Tyrkia i går.
Foto: Mustafa Ozer, MUSTAFA OZER

 

Uhell

- Den førebelse etterforskinga viser at bomba gjekk av medan den heimelaga fjernkontrollen, gøymd i ei flaske, vart frakta frå ein stad til ein annen, seier ein representant for den lokale guvernøren.

Den blodige bombeeksplosjonen fann stad samstundes med at ein amerikansk spesialutsending , som jobbar med å koordinere den amerikanske og tyrkiske kampen mot PKK, kom til hovudstaden Ankara.

Både Tyrkia og USA reknar PKK som ein terrororganisasjon.

Bombe eksploderte rundt klokka 21 norsk tid i går kveld i den fattige bydelen Baglar i Diyarbakir. Dei fleste innbyggjarane i byen er kurdarar,og PKK står sterkt i dette området.

Eit stort politihovudkvarter ligg rundt ein kilometer frå eksplosjonsstaden.

PKK nektar

PKK seier i ei fråsegn på Internett at dei ikkje har noko med bombeeksplosjonen å gjere, og at det truleg er ei tyrkisk gruppe som står bak. Målet er å skape kaos i dei kurdiske områda, meiner PKK.

Ei lite kjend tyrkisk ekstremistgruppe, som kallar seg Tyrkiske hemnbrigadar, tek på seg skulda for ugjerninga på ei anna side på Internett. Dei seier at dei gjennomførde angrepet som hemn for den auke valdsbruken frå PKK.

Tyrkisk politi avviser dette, og seier at gruppa berre er ute etter PR.

Mange angrep

Den kurdiske gruppa Kurdistans fridomsfalkar, som styresmaktene meiner har nære band til PKK, har teke på seg skulda for 15 bombeeksplosjonar i Tyrkia hittil i år. Blant desse er fleire angrep i turistområde  i den vestlege delen av landet der ni menneske vart drepne og rundt 200 vart såra.

Tyrkiske styresmakter meiner at PKK brukar denne gruppa til å utføre valdelege aksjonar, medan dei offisielt tek avstand for slik valdsbruk.

 

 

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt