Mahmoud Abbas, alias Abu Masen, er fungerande leiar for PLO.
Leiaren for utanrikskomiteen på Stortinget, Thorbjørn Thorbjørn Jagland (Ap) møtte i dag fungerande leiar for den palestinske frigjeringsorganisajonen PLO, Mahmoud Abbas, også kalla Abu Masen, og den palestinske statsministeren Ahmed Qurie, også kalla Abu Ala, i Ramallah på Vestbreidda.
Det er desse to som no er dei viktigaste maktfaktorane i dei palestinske områda, etter at president Yasir Arafat vart alvorleg sjuk. Arafat gjennomgår grundige testar og behandling på eit militærsjukehus like utanfor Paris.
Thorbjørn Jagland skulle etter planen ha møtt Yasir Arafat i dag, men i staden har han altså møtte Abbas og Qurie.
Jagland seier til NRK at han er godt nøgd med det som kom fram. Det internasjonale samfunnet har lenge kravd at komandoen over dei palestinske tryggingsstyrkane måtte samlast på ei hand, hos statsministeren.
Yasir Arafat har motsett seg dette, men Jagland fortel at både Abbas og Qurie er innstilde på å gjennomføre denne reformen.
Ahmed Qurie, alias Abu Ala, er palestinsk statsminister.
Det er framleis uklart kor alvorleg sjuk Yasir Arafat er. Palestinske talsmenn seier at han ikkje er livstruande sjuk, medan andre meiner å vite at han har blodkreft. Det er venta at resultatet av dei mange testane har no gjennomgår vil bli offentleggjorde førstkomande onsdag.
Jagland fekk ikkje noko klart svar på korleis det står til med Arafat under sine møte med Abbas og Qurie, men Abbas gjorde det klart at han kjem til å reise til Paris for å vitje Arafat med det første.