Hopp til innhold

- Tryggingsrådet avgjer neste steg i Syria om få dagar

FNs spesialutsending til Syria, Kofi Annan, seier at Tryggingsrådet i FN vil avgjere neste steg i Syria i løpet av nokre få dagar.

FNs spesialutsending til Syria, Kofi Annan.

Kofo Annan ber Tryggingsrådet sende eit klart signal til partane i borgarkrigen i Syria.

Foto: ATTA KENARE / Afp

Annan sa dette på ein kort pressekonferanse i Geneve i dag, som han heldt etter eit besøk i Syria og nabolanda Irak og Iran.

Bashar al-Assad

Bashar al-Assad skal ha utnemnt ein person til å snakke med opposisjonen i landet, seier Kofi Annan.

Foto: DSK / Afp

Annan oppmoda også Tryggingsrådet om å sende eit klart signal til både Bashar al-Assad-regimet og til opprørarane, om at det blir alvorlege konsekvensar om ikkje dei rettar seg etter våpenkvileavtalen frå april.

Russland og Kina

Denne planen går ut på at det blir innført ei umiddelbar våpenkvile, at regjeringshæren skal trekkje alle tunge våpen ut av byområde, og at opposisjonen skal stanse sine angrep.

Dette har tidlegare stranda på vetomaktene Russland og Kina, som ikkje har vore viljuge til å truge med konsekvensar for det syriske regimet. Konsekvensar i denne samanhengen er eit diplomatisk ord for sanksjonar.

Kofi Annan sa også i kveld at den iranske regjeringa støttar tanken om ein syrisk-leidd overgangsfase i Syria. Dem islamske republikken Iran er den sterkaste støttespelaren til Bashar al-Assad og hans regime internasjonalt.

USA avviser iransk rolle

Samstundes seier ein talsmann for Det kvite hus i Washington at ikkje kan godta tanken om at Iran kan spele ei konstruktiv rolle i den vidare utviklinga i Syria.

Fengsel i Damaskus i Syria.

Over 200 fangar, som var med på opprøret mot Assad-regimet, vart i dag sette fri.

Foto: STR / Afp

- Iran si rolle i Syria har ikkje vore produktiv eller vore til hjelp. USA er interessert i å samarbeide med nasjonanar som ynskjer ei demokratisk framtid for Syria, sa talsmann blant anna.

Kofi Annan sa på pressekonferansen at Bashar al-Assad har utnemnt ein person til å delta i framtidige samtalar med opposisjonen. Assad skal også ha vore inne på tanken om ei syrisk overgangsregjering.

Kofi Annan var i Damaskus i Syria i helga, og her møtte han president Bashar al-Assad. Dei to vart samde om ein plan som gradvis skal få slutt på valden i Syria, blir det opplyst.

Opprørarar refsar Annan

Men opprørarane ha reagert sterkt på denne planen, og har varsla at dei ikkje vil godta ei slik løysing.

Annan har prøvd å samle støtte for planena til Syria, som Irak og Iran, der han var i går.

Samstundes prøver opprørarane å påverke Russland til å stanse si støtte til det syriske regimet, utan å ha lukkast. Likevel ser mange observatørar eit skifte i den russiske haldninga til Assad-regimet i Syria den siste tida.

Valden held fram i Syria

Samstundes held valdshandlingane fram i Syria. I går vart 82 menneske drepne ulike stader i landet, opplyser ei syrisk menneskerettsgruppe.

Også i dag har det vore kampar fleire stader i Syria. Det er meldt om minst to drepne, men talet er truleg betydeleg høgare.

I dag vart det også kjent at den syriske ambassadøren til Irak har hoppa av i protest mot regimet sin valdsbruk mot opposisjonen. Om dette blir stadfesta, vil det vere den den viktigaste avhopparen frå regimet hittil.

SISTE NYTT

Siste nytt