Hopp til innhold

- Kapraren trua med å styrte flyet i bakken

Ein passasjer har fortalt at styrmannen som kapra eit fly frå Ethiopian Airlines i dag tidleg, trua med å styrte flyet i bakken.

Flykapring i Sveits

Ein passasjer snakkar med journalistar på flyplassen i Genève etter at dramaet var over.

Foto: Francesco Sportelli / Ap

Alt var normalt om bord i flyet til etter ei mellomlanding i Khartoum i Sudan. Boeing 767-300-flyet var på veg til Roma via Milano, då kapteinen forlèt cockpiten for å gå på toalettet.

Kapret fly i Geneve

Det var dette flyet frå Ethiopian Airlines som vart kapra av styrmannen.

Foto: Salvatore Di Nolfi / Ap

Styrmannen nytta sjansen til å stengje døra inn til cockpiten, slik at kapteinen ikkje kom seg inn. Styrmannen, ein 31 år gammal etiopisk mann som hadde jobba i flyselskapet i fem år, gjorde det klart at han hadde teke kontrollen over flyet , og at han ville til Genève.

Hamra laus på døra

Kapteinen hamra laus på cockpit-døra, og ifølgje ein passasjer så trua kapraren med å styrte flyet i bakken, om ikkje han slutta med det. Ein annan passasjer seier at han var livredd i fleire timar under dramaet om bord.

Andre passasjerar seier på si side at dei ikkje hadde merka at flyet var kapra, før dei landa i Genève.

Då flyet kom inn i europeisk luftrom kom gjekk italienske jagarfly på vengjene for å ha kontroll på det etiopiske passasjerflyet. Seinare overtok to franske jagarfly oppgåve med å eskortere det kapra flyet.

– Hindre ein trussel

Passasjerer evakueres fra kapret fly i Geneve

Passasjerar forlèt flyet etter at kapraren hadde overgitt seg.

Foto: Richard Juilliart / Afp

Oberst Girolamo i det italienske luftvåpenet seier til nyheitsbyrået Ap at ordren om å sende opp jagarfly vart gitt for å hindre ein trussel mot nasjonal tryggleik, og for å forsikre seg om at flyet heldt den oppgitte ruta.

Flyet landa trygt i Genève klokka seks måndag morgon. Kapraren hoppa ut av eit vindauge i cockpiten ved hjelpe av eit tau, og han overgav seg straks til sveitsisk politi. Han gjorde det klart at han ynskte å søkje politisk asyl i landet, fordi han kjende seg trua i heimlandet.

Det var 200 personar om bord i flyet, blant dei sju som arbeidde om bord. Etiopia har bede Sveits om å utlevere kapraren, men det er uklart om eller når dette vil skje.

SISTE NYTT

Siste nytt