Hopp til innhold

Israelsk ambassadør: - Tostatsløysinga er ikkje død

- Eg trur ikkje vi skal konkludere med at tostatsløysinga ikkje lenger er aktuell israelsk politikk. Mykje av det som blir sagt under valkampen er for å kapre veljarar, og ikkje uttrykk for gjeldande politikk, seier Israels ambassadør til Noreg, Raphael Schutz.

Intervju med Israels ambassadør til Noreg, Raphael Schutz.

VIDEO: Tostatsløysinga er ikkje død, seier Israels ambassadør til Noreg, Raphael Schutz. Sjå heile intervjuet i Urix på NRK2 kl. 22.30.

Den klare vinnaren av det israelske valget, sitjande statsminister Benjamin Netanyahu, sa dagen før valet at det ikkje blir snakk om ein palestinsk stat så lenge han er statsminister. Netanyahu kom truleg med utspelet for å mobilisere høgresida i israelsk politikk, og valresutlatet tyder på at han lukkast med det.

- Vanleg med tøff tone

Raphael Schutz seier i eit intervju med Urix på NRK 2 i kveld at det ikkje er noko endring i israelsk politikk på dette feltet. Han fortel at det har vore ein tøff tone frå alle sider i denne valkampen, og at det er vanleg i israelsk politikk. Han ber alle om å ha tolmod til støvet frå valkampen har lagt seg.

Benjamin Netanyahu skreiv blant anna på Facebook-kontoen sin at den høgreorienterte regjeringa i Israel var i fare, fordi arabiske veljarar kom til å møte fram på valdagen i store «svermar». Derfor oppmoda han dei som tilhøyrer høgresida i israelsk politikk om å mobilisere.

Ambassadør Schutz avviser at fråsegna var meint diskriminerande.

Rundt 70 prosent av dei israelske arabarane røysta ved valet i går, og det er langt høgare frammøte enn vanleg ved val i Israel.

Brende: - Netanyahu må godta tostatsløysing

Glad for arabisk samling

Ambassadøren seier han er glad for at dei arabiske småpartia greidde å samle seg i ei liste, slik at dei vart representerte med ei stor gruppe i det nye Knesset. Truleg blir den arabiske valalliansen den tredje største gruppa i den israelske nasjonalforsamlinga.

Sjå heile intervjuet med den israelske ambassadøren i Urix på NRK2 kl. 2230

Utspelet til Netanyahu om at det ikkje blir ein palestinsk stat så lenge han er statsminister, har også vekt uro i USA. Det kvite hus har i dag gjort det klart at USAs politikk på dette området står fast, at landet framleis vil arbeide for ei tostatsløysing med Israel og ein palestinsk stat side om side.

Netanyahu overrasket alle med sin politiske teft

Kerry gratulerte

Det blir også lagt merke til at president Barack Obama enno ikkje har gratulert Netanyahu med valsigeren, det har han overlate til utanriksminister John Kerry. Obama har likevel sagt at han i løpet av nokre dagar vil gratulere den israelske valvinnaren med sigeren.

Amerikanske styresmakter har også kome med krass kritikk av bruken av det dei kallar «splittande retorikk» i valkampen, og siktar til Netanyahus utspel om at arabiske israelarar ville møte opp i vallokala i «svermar».

Klar seier for Netanyahu i Israel

SISTE NYTT

Siste nytt