NRK Meny
Normal

- Tørken endrar samfunnet heilt

- Tørken her gjer at dei som til vanleg greier seg godt, no får problem. Dei som frå før er fattige står i fare for å misse livet, seier generalsekretær Atle Sommerfeldt i Kirkens Nødhjelp frå Kenya.

Slik ser det ut i maisåkrane i det tørkeramma området.

Slik står maisplantane over store delar av det austlege Kenya, fullstendig uttørka.

Foto: Laurie McGregor / Kirkens Nødhjelp

Atle Sommerfeldt, generalsektær i Kirkens Nødhjelp.

Atle Sommerfeldt er generalsekretær i Kirkens Nødhjelp.

Foto: Knut Fjeldstad / Scanpix

Sommerfeldt var onsdag ettermiddag i Rhamu-distriktet i Kenya, ein kilometer frå grensa til Somalia. Dette er langt unna dei store flyktningleirane, men også her er behovet for naudhjelp stort. FN seier det er fare for ein ufatteleg tragedie .

På ei sprakande telefonline frå grenseområdet fortel Sommerfeldt til NRK.no at den alvorlege tørken har endra samfunnet her fullstendig.

Ikkje regn på to år

Fleire stader har det ikkje regna på to år, fortel han, og det gjer at nomadar og dyrehaldarar i dette området har fått liva sine totalt forandra. Dei som har greidd seg bra før, har fått store problem på grunn av tørken.

Dei som hadde det vanskeleg før har fått det enda verre, og på litt sikt risikerer dei å miste livet som følgje av tørken, fortel Atle Sommerfeldt.

Mange stader blir såkornet brukt som mat.

Mange stader i det austlege Kenya blir såkornet brukt som mat.

Foto: Laurie McGregor / Kirkens Nødhjelp

I dette området er det vanleg å flytte på seg. No er det eit nytt mønster i flyttinga, fortel generalsekretæren. Mange har slått seg ned i nye landsbyar utanfor større byar, i nærleiken av elvar.

Tørken gjer at dei ikkje lenger kan leve av dyrehald, no er geiter dei einaste dyra som greier seg.

Dramatisk endring

- Dette er ei dramatisk endring for nomadane. Dei er vane med tørkeperiodar, men dei siste åra har tørkeperiodane vore så hyppige og langvarige at dei ikkje greier å byggje opp igjen landsbyane igjen, slik dei gjorde etter tørkeperiodane før, seier han.

Sommerfeldt fortel at vatn er den store utfordringa no. I mange av landsbyane han har vitja må kvinnene gå 20 kilometer kvar dag for å hente vatn.

Mangel på vatn er den største utfordringa for innbyggjarane i dette området. Kirkens Nødhjelp og dei andre hjelpeorganisasjonane jobbar langsiktig med å finne sikre vasskjelder til dei som bur her.

KENYA-SOMALIA-REFUGEES-DROUGHT-UNREST-UN -

Flyktningstraumen frå Somalia til Kenya er aukande.

Foto: ROBERTO SCHMIDT / Afp

I tillegg gjer denne akutte krisa det naudsynt å frakte inn store mengder reint vatn til dei tørkeramma områda.

I landsbyen Kalibui har dei greidd å sikre vassforsyninga ved å lage ein sanddam. Dammen hevar vassflata nok til lå dei kan hente ut vatn kvar dag. Det sparar dei for mykje tid, som dei brukar til å veve og samle ved som kan dei selje. Utan landbruk som matkjelde, må dei tene til livsopphaldet på andre måtar.

Dette er eit arbeid Kirkens Nødhjelp er med på, fortel Atle Sommerfeldt.

Såkorn til mat

Fleire stader også i Kenya har avlingane slått feil på grunn av manglande nedbør. Dette har ført til at folk ikkje har sett anndre utvegar enn å bruke såkornet til mat, noko som forsterkar krisa. Det blir ingen avlingar å hauste korkje frukt eller frø av framover.

Torsdag reiser Atle Sommerfeldt inn i Somalia for å vurdere situasjonen der.

- Den store skilnaden er at Kenya er eit ordna samfunn. Det er faktisk offentlege organ som har ansvaret for helse, dyrehald og vassforsyning. Eit maskineri er på plass, sjølv om det ikkje alltid fungerer, seier han. - Dette samfunnsmaskineriet er ikkkje på plass i Somalia, legg han til.

LES OGSÅ: 10 millioner truet av sult og tørke

Damene frå landsbyen Kalimbui ved sanddammen som har berga dei frå den verste krisa.

Kvinner frå landsbyen Kalimbui ved sanddammen som har berga dei frå den verste krisa.

Foto: : Laurie McGregor / Kirkens Nødhjelp

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt