Hopp til innhold

Libya: Nordkoreansk oljetankar under vår kontroll

Libyske styresmakter seier dei har teke kontroll over ein nordkoreansk oljetankar, som har lasta olje i eit opprørskontrollert område i Libya.

Den nordkoreanske oljetankaren i hamna Ras Lanuf.

Ein nordkoreansk oljetankar har i fleire dagar lege i den opprørskontrollerte hamna Es Sider i Ras Lanuf i Libya.

Foto: ESAM OMRAN AL-FETORI / Reuters

Ein talsmann for det statlege oljeselskapet i Libya seier at tankskipet vart stansa då det prøvde å forlate Libya med det han kallar ei illegal oljelast frå ei hamn som er kontrollert av opprørarar. Det er ikkje gjort skade på skipet, blir det opplyst.

Skipet blir no eskortert til ei hamn i det vestlege Libya, heiter det.

Libyas statsminister, Ali Zeidan

Libyas statsminister Ali Zeidan trua i helga med å bombe det nordkoreanske tankskipet.

Foto: DENIS BALIBOUSE / Reuters

Ein talsmann for opprørarane seier at opplysningane ikkje stemmer.

Trua med bomber

Det var i helga ein svært spent situasjon rundt den nordkoreanske tankaren. Libyske styresmakter trua med å bombe tankskipet, som skal ha lasta om bord olje til ein verdi av 36 millionar dollar, rundt 215 millionar kroner.

Libyas statsminister Ali Zeidan gjorde det klart at skipet kunne bli bomba om det prøvde å gå frå hamn, og den libyske marinen plasserte ut båtar for å sperre for oljetankaren. Den libyske oljeministeren har sagt at det nordkoreanske skipet ikkje vil få lov til å gå ut i internasjonalt farvatn.

Opprørarane svarte med å seie at eit angrep på det nordkoreanske fartøyet ville vere ei krigserklæring.

Kontrollerer tre hamner

Konflikten rundt oljerikdomen til Libya blir sett som eit teikn på stadig aukande uro og kaos i Libya etter Muammar Gaddafis fall i 2011. Opprørarar har teke kontroll over tre hamner i den austlege delen av landet.

Olje er den klart viktigaste eksportvara til Libya.

SISTE NYTT

Siste nytt