NRK Meny
Normal

- Tida er ute for Laurent Gbagbo

Laurent Gbagbo hadde frist på seg til klokka 21 norsk tid med å trekkje seg frå presidentembetet og gi opp kampen i Elfenbeinskysten. I kveld har opposisjonen erklært portforbod i hovudstaden fram til søndag.

Det veltar opp røyk frå sentrum av Abidjan.

Røyk veltar opp frå sentrum av Bidjan, der det er meldt om skyting og eksplosjonar.

Foto: REUTERS TV / Reuters

NRK.no følgjer utviklinga i Elfenbeinskysten

Ouattara-regjeringa har også gitt ordre om stening av alle grenser både på sjøen og på land inntil vidare.

- Laurent Gbagbo har igjen berre eit par-tre timar ved makta i Elfenbeinskysten før han blir styrta. Spelet er over, sa Guillaume Soro, ein nær medarbeidar av Alassane Ouattara, ved 18-tida i kveld.

Like før kl. 21 kjem det meldingar om at FN-styrken i landet har teke kontroll over flyplassen i Abidjan.

FNs generalsekretær Ban Ki-moon oppmoda i kveld Gbagbo om å trekkjer seg, og han bad samstundes begge partar i konflikten om å vere tilbakehaldne og ikkje gå til hemnaksjonar.

Statsminister Guillaume Soro.

Guillaume Soro meiner det er snakk om timar før Laurent Gbagbo må trekkje seg.

Foto: STR / AP

Styrkane til Alassane Ouattara omringar no millionbyen Abidjan, og det er meldt om kraftig skyting nær presidentpalasset. Fleire generalar i hæren har hoppa av.

- Soldatane våre omringar no Abidjan, seier Guillaume Soro, utnemnd som statsminister i skuggeregjeringa til Allassane Ouattara. Han seier til fransk fjernsyn at dei er klare til å gå inn i byen så snart Gbagbo og hans folk trekkjer seg.

Blokade oppheva

Alassane Ouattara skal i følge en utenlandsk ambassadør i Abidjan ha lovd at den sitjande Gabagbo ikkje vil bli skadd.

Eit hotell der mange av medlemene i skuggeregjeringa har hatt tilhald, har vore under blokade av regjeringssoldatar. No har desse soldatane desertert, og hoteller er ikkje lenger blokkert, seier ein FN-utsending i Abidjan.

50.000 politifolk skal ha desertert, og nokre kjelder seier at dei einaste som no støttar Gbabgo er spesialstyrkane som vaktar presidentpalasset og presidentbustaden.

General Philippe Mangou i Elfenbeinskysten.

General Philippe Mangou, ein nær medarbeidar av Laurent Gbagbo, har hoppa av.

Foto: SIA KAMBOU / Afp

Allassane Ouattara vann presidentvalet i Elfenbeinskysten i fjor, men den sitjande presidenten Laurent Gbagbo har nekta å gi frå seg makta. Etter fleire månader med forsøk på å få til ei fredeleg løysing, har Ouattara no gjort det klart at det berre gjenstår ei løysing.

Det er at Gbagbo trekkjer seg.

LES OGSÅ: Elfenbenskysten spørsmål og svar

Generalar hoppar av

Ouattara oppmodar no støttespelarane til Gbagbo om å trekkjer seg, og det skal vere i ferd med å skje. Stabssjefen i hæren, general Philippe Mangou, har søkt tilflukt i den sørafrikanske ambassaden, og fleire generalar i hæren har skifta side.

Mangou har vore rekna for å vere ein nær alliert av Gbagbo. Han kom til ambassaden saman med kona og dei seks borna deira.

LES OGSÅ: 5000 fangar sette fri i Abidjan

LES OGSÅ: Redd Barna stenger i Abidjan

Ein einsleg Gbagbo-soldat vaktar eit gatehjørne i Abidjan.

Ein einsleg Gbagbo-soldat vaktar ein post i sentrum av Abidjan.

Foto: JEAN-PHILIPPE KSIAZEK / Afp

Militære styrkar som støttar Ouattara har dei siste dagane innteke by etter by i landet, og no står altså den største og viktigaste byen, Abidjan, for tur. Det er her president Laurent Gbagbo har hovudkvareteret sitt.

I ettermiddag kjem det også meldingar om at ein fransk styrke på rundt 1000 soldatar skal ha teke oppstilling fleire stader i byen. Deira oppgåve skal vere å verne franske statsborgarar i byen

LES OGSÅ: Ouattara-styrker inntok havneby i Elfenbenskysten

LES OGSÅ: - Har tatt Elfenbenskystens hovedstad

Skyting ved presidentpalasset

Det er meldt om skyting i nærleiken av presidentpalasset, men det er førebels ikkje noko som tyder på at Ouattara-tilhengjarane har gått til angrep på bygningen. Styrkane til Gbagbo har teke oppstilling i gatene i nærleiken av presidentpalasset.

Soldatar som er lojale til Laurent Gabgbo skal ha teke livet av minst 37 vestafrikanske immigrantar i ein landsby nær grensa til Liberia, melder menenskerettsorganisasjonen Human Rights Watch.

- Elfenbeinskysten har nådd kokepunktet. Massakren på vestafrikanarane, angrep på sivile i Abidjan og andre ting er djupt urovekkande, og noko må gjerast, seier Afrika-sjef for Human Rights Watch, Daniel Bekele til nyheitsbyrået AFP.

Gbagbo-soldatar i sentrum av Abidjan.

Soldatane som er lojale til Laurent Gbagbo patruljerer i sentrum av Abidjan.

Foto: ISSOUF SANOGO / Afp

LES OGSÅ: Harde kamper nær Elfenbenskystens hovedstad

LES OGSÅ: Nye åtak mot FN-styrkar og sivile

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt