Hopp til innhold

- Terrortrusselen er høgst reell

- Terrortrusselen mot Europa er høgst reell, og mykje tyder på at Al Qaida ynskjer å slå til for å vise at dei framleis kan gjennomføre store angrep, seier EUs antiterrorsjef Gilles de Kerchove.

EUs antiterrorsjef Gilles de Kerchove

EUs antiterrorsjef Gilles de Kerchove meiner terrortrusselen mot Europa er høgst reell.

Foto: GEORGES GOBET / Afp

Tysklands innanriksminister Thomas de Maiziere.

Tysklands innanriksminister Thomas de Maiziere meiner det er ikkje er nokon grunn til å slå alarm om terrorfaren.

Foto: Markus Schreiber / Ap

I eit intervju med NRK.no i dag seier den norske terrorforskaren Helge Lurås at terrorfaren er blåst ut av proposjoner .

Også den tyske innanriksministeren, Thomas de Maiziere, sa tidlegare i dag at det ikkje er nokon grunn til å slå alarm, og han trur at slik opphausing av terrorfaren berre er med på å hjelpe terroristane med å skape panikk.

LES OGSÅ: Frankrike advarer om terrorfare i Storbritannia

LES OGSÅ: Livstid for Times Square-bombemann

- Reell trussel

Gilles de Kerchove er ikkje samd i dette.

- Denne trusselen er reell. Eg trur ikkje styresmaktene går ut og opplyser om faren utan grunn, sa de Kerchove til EUs offisielle fjernsynsstasjon i ettermiddag. Han sa at terrortrusselen har vore der ei stund, og at det ikkje har skjedd noko i det siste som har gjort trusselen mindre.

Belgiske Gilles de Kerchove trur at terrortrusselen har vore der heile tida, sjølv om det ikkje har vore alvorlege angrep i Europa på ei stund.

- Det at det ikkje har vore angrep på lenge gjer ikkje at faren er borte, seier han.

LES OGSÅ: Mistenkjer band til terrornettverk

LES OGSÅ: – Hovudmenn bak terrortrussel mot Europa drepne

Franske soldatar patruljerer på ein jernbanestasjon i Paris.

Franske soldatar er på vakt ved ein jernbanestasjon i Paris. Styresmaktene i Frankrike tek terrortrusselen på alvor.

Foto: REMY DE LA MAUVINIERE / Ap

Svekt av droneangrep

De Kerchove trur at Al Qaida har blitt betydeleg svekt etter dei mange amerikanske droneangrepa mot gøymestadene deira i det uvegsame grenseområdet mellom Pakistan og Afghanistan, og at dette kan auke faren for angrep.

- Dei er hardt ramma av droneangrepa, og kanskje nettopp derfor ynskjer dei å setje i verk symbolangrep for å gjenreise ryktet sitt, seier han.

Antiterrorsjefen meiner at Al Qaida sine avdelingar i Afghanistan og Pakistan, saman med tilnytte organisasjonar på den arabiske halvøya, utgjer ein alvorleg trussel mot Europa. Han åtvarar også mot at mange sympatisørar, som er statstborgarar i land i Europa, er ivrige i å bli med i den heilage krigen til Al Qaida.

Både USA, Frankrike, Storbritannia, Sverige og andre land har åtvara innbyggjarane sine mot fare for terrorangrep i Europa.

LES OGSÅ:

Tysk statsborgar

Væpna politimann ved Hyde Park Corner i London.

Væpna politifolk er på vakt i sentrum av London, her ved Hyde Park Corner.

Foto: LEON NEAL / Afp

Bakgrunnen er opplysningar frå ein tysk statsborgar som blir halden i fengsel i Afghanistan. Han skal ha gitt opplysningar om at Al Qaida vil prøve å gjennomføre angrep i Storbritannia, Frankrike og Tyskland etter mønster frå terrorangepa mot Mumbai i India i 2008.

Ein amerikansk tenestemann seier til nyheitsbyrået AFP at opplysningane blir støtta av stadig fleire informasjonskjelder.

Den pakistanske ambassadøren i Washington, Hussein Haqqani, seier til BBC at auken i droneangrep mot Al Qaida-celler i Pakistan skuldast nettopp desse planane om terrorangrep i Europa.

25 droneangrep

Pakistanske styresmakter har rapportert om 25 amerikanske angrep frå droner, altså førarlause fly, sidan 3. september. 140 mistenkte opprørarar er drepne. Seinast i dag vart fem personar drepne. Måndag vart åtte drepne i same området, blant dei fem tyske statsborgarar.

Stadig fleire tyskarar med afghansk og pakistansk bakgrunn har søkt seg til Al Qaida-grupper i grenseområdet mellom Afghanistan og Pakistan dei siste åra.

Amerikansk drone klar for avgang frå ein flyplass i Afghanistan.

Amerikansk drone klar for avgang frå ein flyplass i Afghanistan.

Foto: Bonny Schoonakker / Afp

SISTE NYTT

Siste nytt