Hopp til innhold

- Terror-topp arrestert

Indonesisk politi seier dei har pågripe ein av dei viktigaste leiarane i terrorgruppa Jemaah Islamia.

- VI har arrestert Abu Dujana, seier polititalsmann Sisno Adiwinoto.

- Vi har arrestert Abu Dujana, seier polititalsmann Sisno Adiwinoto.

Foto: BAY ISMOYO / AFP

Abu Dujana (37) blir rekna for å vere leiar for ein spesialstyrke innanfor Jemaah Islamiyah som har vore knytt til Al Qaida-nettverket.

Arrestasjonen av han blir sett på som eit stor gjennombrot for det indonesiske antiterror-politiet , Detachment 88, sitt arbeid.

Polititalsmann Sisno Adiwinoto seier at mannen som no er arrestert er kjend under minst seks ulike namn. Det mest kjende er Yusron Mahmudi.

Dujana blir omtalt som den mest ettersøkte ytterleggåande islamisten i Indonesia. Gruppa han har leidd blir skulda for å ha stått bak terrorangrepet på Bali 2002, der 202 menneske, dei fleste utanlandske studentar, vart drepne.

Politiet sitt bilete av Abu Dujana

Dette politibiletet er eit av få bilete som eksisterer av Abu Dujana.

Foto: AFP / AFP

Han har også vore ettersøkt for fleire andre blodige terrorangrep, blant anna angrepet mot den australske ambassaden i Jakarta i 2004 og bilbomben mot hotellet JW Marriot i 2005, også det i Jakarta.

Dujana vart arrestert saman med sju andre på den indonesiske øya Java sist laurdag. Han vart skoten i beinet under arrestasjonen, opplyser politiet.

Sidney Jones i den internasjonale tankesmia International Crisis Group seier at Dujana har spelt ei sentral rolle i Jemaa Islamiah.

- Han er ein stor fisk i Jemaa Islamiah. Om han er viljug til å snakke, vil han kunne fortelje politiet om strukturen, styrken, finansane, dei internasjonale kontaktane og måla til Jemaa Islamiah, seier Jones, som er ekspert på militante islamske organisasjonar.

Indonesisk politi seier dei er sikre på at det verkeleg er Dujana dei har arrestert.

- Dette er slått fast ved hjelp av DNA og fingeravtrykk, seier polititalsmann Sisno Adiwinoto.

SISTE NYTT

Siste nytt