Hopp til innhold

- Taliban tok viktig by i Helmand-provinsen

Taliban seier dei har teke kontroll over sentrum av den viktige byen Sangin i Helmand-provinsen i Afghanistan. – Det er framleis kampar i byen, og forsterkingar er på veg, seier ein regjeringstalsmann.

Afghanistan Helmand-provinsen

Afghanske regjeringsstyrkar i posisjon eit stykka utanfor byen Sangin, som fleire kjelder seier no blir kontrollert av Taliban.

Foto: Abdul Khaliq / Ap

Fleire afghanske tenestemenn seier til BBC News at regjeringsstyrkane har mist kontrollen over sentrum av byen etter to dagar med harde kampar. Tenestemennene seier at Taliban no kontrollerer både den lokale regjeringsbygningen og politistasjonen i byen.

Ein talsmann for Taliban seier at dei no har kontroll over heile distriktet, og at flagget deira vaiar over Sangin.

– Forsterkingar på veg

Det afghanske forsvarsdepartementet avviser dette og seier at det framleis er harde kampar i byen, og at forsterkingar, støtta av amerikanske og britiske soldatar, er på veg til Sangin.

Afghanistan Helmand-provinsen

Afghanske regjeringssoldatar i kamp inne i Sangin tidlegare denne veka.

Foto: NOOR MOHAMMAD / Afp

Guvernøren i Sangin-provinsen Haji Suliman Shah seier til BBC har han blitt evakuert frå Sandin til flybasen Shorabak, tidlegare Camp Bastion, i Lashkar Gah. Dette skjedde tidleg onsdag, og saman med han var 15 såra medlemer av tryggingsstyrkane.

BBC har snakka på telefon med politimannen Ashqulla, som oppheld seg i ein militærleir sju kilometer utanfor Sangin. Han fortel at militante opprørarar kontrollerer heile byen.

– Forsterkingar har landa eit stykke utanfor byen, men Taliban kontrollerer alle vegane, seier han til det britiske kringkastingsselskapet.

Han legg til at fleire hundre regjeringssoldatar er omringa av Taliban i ein leir inne i byen. Meldingar tyder på at dei er i ferd med å sleppe opp for forsyningar, men at dei ikkje torer å forlate leiren.

IS med eget radioshow i Afghanistan

– Handterleg situasjon

Afghanistans forsvarsminister Masoum Stanikzai skildrar situasjonen som «handterleg», og han seier at nye soldatar er sende inn i området.

– Det faktum at den fremste representanten for regjeringa i området er evakuert ut av byen, kan tyde på at det er frykt for at heile Sangin-distriktet vil falle i hendene på Taliban i løpet av onsdag, sa BBCs Kabul-korrespondent Waheed Masoud tidlegare i dag.

Taliban-talsmannen Qari Yousuf Ahmadi seier dette:

– Sentrum av Sangin, politihovudkvarteret og andre offentlege bygningar vore under kontinuerleg angrep, og i dag har mujahedin teke kontroll over heile distriktet. Det kvite flagget til det islamske emiratet vaiar i vinden.

Taliban fester grepet i område sør i Afghanistan

–Taliban angriper med større kraft

Avretting av fangar

Det var sist søndag at opprørarar frå den islamistiske organisasjonen Taliban braut gjennom regjeringsstyrkane sine forsvarsverk og tok kontroll over store delar av det opiumrike distriktet.

Sangin er eitt av dei viktigaste produksjonsområda for opium i Afghanistan.

Flyktande innbyggjarar har fortalt om avretting av tilfangetekne regjeringssoldatar og at det er stor frykt blant dei innbyggjarane som ikkje greidde å kome seg unna i tide.

Helmand

SISTE NYTT

Siste nytt