NRK Meny
Normal

- Taliban-kronprins drepen i amerikansk droneangrep

Fleire kjelder i det pakistanske forsvaret stadfestar at nestleiaren for Taliban i landet, Waliur Rehman, vart drepen i eit amerikansk droneangrep i provinsen Nord-Waziristan i dag.

Nestleiar i Taliban i Pakistan, Waliur Rehman.

Fleire anonyme kjelder stadfesetar at nestleiaren for Taliban i Pakistan, Waliur Rehman, vart drepen i eit amerikansk droneangrep onsdag.

Foto: NASEER AZAM / Afp

Minst fem andre vart også drepne i angrepet. Ein talsmann for pakistansk Taliban, Ahsanullah Ahsan, seier på telefon frå ein ukjend stad i Pakistan til nyheitsbyrået AP at det ikkje er sant at Rehman er drepen.

– Dette verkar å vere falske nyheiter. Eg har ikkje høyrt om noko slikt, seier han.

Hakimullah Mehsud, den antatte lederen av pakistansk taliban.

Hakimullah Mehsud er den øvste leiaren i pakistansk Taliban. Han har vore mål for fleire amerikanske droneangrep.

Foto: Scanpix/AFP

Også nyheitsbyrået Reuters har snakka med Ahsan, og til dei seier han at dei ikkje har stadfesta opplysningar om at Rehman er drepen.

Taliban-bastion

Det meste av Nord-Waziristan, eit grenseområde mot Afghanistan, er utanfor kontrollen til den pakistanske hæren. Taliban står sterkt i området saman med andre opprørsgrupper som høyrer til Al Qaida-nettverket. Området er i hovudsak stammestyrt.

Dei militante gruppene opererer på begge sider av grensa til Afghanistan.

Det er svært vanskeleg å få uavhengig informasjon frå dette området. Utanlandske ournalistar får ikkje reise inn i det uvegsame området frå Pakistan, og pakistanske styresmakter er berre marginalt til stades der.

To pakistanske militærkjelder nyheitsbyrået AP har snakka med har fortalt at dei har informantar inne i området som seier dei såg liket av Rehman på bakken etter angrepet. Ei tredje kjelde seier at han har avlytta kommunikasjon mellom militante opprørarar der det vart sagt at Rehman var drepen i angrepet.

Protest mot droneangrep i Pakistan

Det har vore mange demonstrasjonar mot dei amerikanske droneangrepa fleire stader i Pakistan.

Foto: S.S MIRZA / Afp

LES OGSÅ: NRKs artikkelserie om dronekrigen

Inga offisiell stadfesting

Alle kjeldene er anonyme. Offisielt har ikkje Pakistanske styresmakter stadfesta at Rehman er drepen i angrepet.

USA har fått sterk kritikk for bruken av førarlause fly i jakta på militante opprørarar i Pakistan og Afghanistan. Særleg har pakistanske styresmakter gått hardt ut mot angrepa, som dei meiner er eit brot på pakistansk suverenitet. Pakistansk UD har fordømt også angrepet i dag sterke ordelag.

Dette var det første droneangrepet sidan valet i Pakistan 11. mai, der dei amerikanske angrepa var eit heitt tema i valkampen. Droneangrepa er møtte med massiv kritikk frå heile det politiske spekteret i Pakistan.

USA på si side har retta skarp kritikk mot Pakistan, som dei meiner ikkje gjer nok for å nedkjempe Taliban og andre opprørsgrupper.

Alvorleg slag mot Taliban

LES OGSÅ: Obama vil redusere antall droneangrep

Amerikansk droneangrep

Dette er ein av typane førarlause fly (dronar) USA nyttar i Pakistan.

Foto: Kirsty Wigglesworth / Ap

Dersom det viser seg at Waliur Rehman verkeleg er drepen, er dette eit alvorleg slag mot Taliban i Pakistan. Rehman er rekna som mannen som skulle etterfølgje Hakimullah Mehsud som leiar for opprørsgruppa. Ei anonym kjelde i den pakistanske hæren seier at Pakistan burde vere takksam overfor USA, om Rehman verkeleg er død.

Angrepet i dag fann stad i landsbyen Chasma i nærleiken av Mirashah, den viktigaste byen i Nord-Waziristan.

Det har også vore sterk internasjonal kritikk mot USAs bruk av førarlause fly i jakta på militante islamistar. I retningslinene som landet nyttar for slike angrep heiter det at dronar berre skal nyttast når det er snakk om akutte truslar, eller om mistenkte terroristar ikkje kan stansast på andre måtar.

Etterlyst av USA

USA lovde ut i 2010 ein dusør på fem millionar dollar, over 30 millionar norske kroner, for opplysningar som kunne føre dei på sporet av Waliur Rehman. Sjølv om han i hovudsak har operert på den pakistanske sida av grensa, meiner amerikanske styresmakter at han også har delteke i fleire angrep mot USA og NATO i Afghanistan.

Han er blant anna mistenkt for å ha vore på eit angrep mot ein amerikansk base i Khost i 2009, der sju amerikanarar vart drepne.

Den USA-baserte tenkjetanken New America Foundation opplyser at USA har gjennomført 355 droneangrep i Pakistan sidan 2004 før angrepet i dag. Så mange som 3336 personar skal vere drepne i angrepa, ifølgje organisasjonen.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt