Hopp til innhold

- Syrisk eks-forsvarsminister har hoppa av til Tyrkia

Den syriske eks-forsvarsministeren, general Ali Habib, har hoppa av og oppheld seg no i Tyrkia, opplyser den syriske opposisjonsgruppa SNC.

Grenseovergangen Cilvegozu mellom Syria og Tyrkia.

Ali Habab skal ha kome over grensa til Tyrkia seint i går kveld.

Foto: Gregorio Borgia / Ap

Det statlege syriske fjernsynet avviser meldinga, og seier at generalen oppheld seg i heimen sin. Heller ikkje tyrkiske styresmakter har stadfesta at Habib har kome til landet.

Det er paraplyorganisasjonen for opposisjonen i Syria, Syria National Coalition (SNC), som opplyser dette. Han skal likevel ikkje ha gått over til opposisjonen, seier Kamal al-Labwani i SNC, som har fått opplysningane frå det han kallar vestlege diplomatiske kjelder.

Mektig mann

Ali Habib (t.v.) og Bashar al-Assad.

Dåverande forsvarsminister Ali Habib (t.v.) saman med president Bashar al-Assad i august 2010.

Foto: SANA / Reuters

Dersom det viser at Habib har flykta frå Syria, vil han vere den mest høgtståande representanten for det syriske regimet som har hoppa opp. Han blir rekna for å vere ein svært mektig mann blant alawittane, ei sjiamuslimsk sekt som Bashar al-Assad og dei aller fleste andre i det syriske maktapparatet høyrer til.

Ei kjelde i ein av statane ved Persiabukta seier til nyheitsbyrået Reuters at Habib tok seg til grensa mot Tyrkia seint i går kveld, og at han reiste saman med to eller tre andre. Han vart køyrt over grensa i ei bilkolonne.

Kjelder i opposisjonen seier at Ali Habib, som var forsvarsminister i Syria frå juni 2009 til august 2011, var usamd med andre militære og politiske leiarar om maktbruken overfor demonstrantane då opprøret starta i 2011.

LES OGSÅ: – Verdens troverdighet står på spill i Syria

LES OGSÅ: Putin krever bevis for gassangrep

Valdeleg opprør

Borgarkrigen i Syria starta som demonstrasjonar mot regimet, og makthavarane slo beinhardt ned på det som i starten var fredelege demonstrasjonar. Seinare vart opprøret meir og mei valdeleg.

Dette skal også ha vore grunnen til at han måtte gå av som forsvarsminister, sjølv om den offisielle versjonen var at han trekte seg av «helsemessige årsaker».

Ali Habib er 64 år gammal, og ved sidan av å ha vore forsvarsminister har han også vore leiar for generalstaben i den syriske hæren. Han er opphavleg frå hamnebyen Taurus.

LES OGSÅ: Gir Obama støtte til Syria-angrep

LES OGSÅ: Assad advarer mot storkrig i regionen

Truar med motangrep

Faisal Muqdad er viseutanriksminister i Syria.

Syrias viseutanriksminister Faisal Muqdad truar med motangrep om USA og andre land går til åtak på Syria.

Foto: LOUAI BESHARA / Afp

Samstundes med at USAs president Barack Obama er i Stockholm for å møte nordiske leiarar, og for å samle støtte til ein militær aksjon mot Syria, har også det syriske regimet starta den psykologiske krigføringa.

I dag seier viseutanriksminister Faisal Muqdad at Syria har sett i verk alle tiltak for å kunne slå tilbake eit amerikansk angrep mot landet, og at dei også har mobilisert sine vener i utlandet. Det han meiner med vener i denne samanhengen er mest truleg Iran og Hizbollah i Libanon.

– Vi vil ikkje seie noko om korleis Syria vil slå tilbake, men vi har sett i verk alle tiltak, seier Faisal Muqdad.

LES OGSÅ: – Dette er en galopperende katastrofe

LES OGSÅ: Frankrike mener de har gassbevis

Kan angripe Israel

Det er stor frykt for at Syria i tilfelle eit angrep, vil prøve å trekkje Israel inn i konflikten Det kan skje ved at Hizbollah i Libanon, som har eit svært stort rakettarsenal, kan setje i verk angrep mot Israel. Hizbollah har rakettar som kan nå mål i store delar av Israel.

Dette vil i sin tur føre til omfattande motangrep frå Israel, og det vil då vere stor fare for ein omfattande konflikt i regionen.

LES OGSÅ: Storbritannia godkjente eksport av nervegass-komponenter til Syria

SISTE NYTT

Siste nytt