Hopp til innhold

- Storsatsing på fornybar energi

- Det er på høg tid for USA å satse stort på fornybar energi, sa president Barack Obama på ein pressekonferanse i kveld norsk tid.

Barack Obama lovar reine og trygge strender.

Barack Obama lovar reine og trygge strender rundt Mexicogolfen.

Foto: Alex Brandon / Ap

Samstundes varsla Obama ei utviding av forbodet mot boring etter olje på havbotnen inntil vidare. Han sa at den store oljekatastrofen i Mexicogolfen har vist kor viktig det er med ei kraftigare satsing på fornybare energiressursar.

- Ein vekkjar

- Om ikkje anna, så har denne katastrofen vore ein vekkjar. Meir enn noko har denne økonomiske og miljømessige katastrofen, for det er verkeleg ein katastrofe, vist oss at det hastar å utvikle fornybar energi, sa presidenten blant anna.

Han la også vekt på at dette ikkje berre vil føre til færre truslar mot miljøet, men at arbeidet med å skape fornybar energi også vil skape utallege nye arbeidsplassar i USA i åra framover.

Reine strender

Barack Obama la vekt på at det hittil ikkje er gjort stor skade på strendene i det ramma området.

- Nesten alle badestrendene rundt Mexicogolfen er opne, og dei er reine og trygge, sa USAs president Barack Obama.

Presidenten gjorde det klart at det no er på tide å endre lovverket, slik at det blir mogleg å skape fornyubar energi.

- Det er på tide å auke takta i konkurransen med land som Kina, som alt har innsett at at framtida ligg i fornybar energi. No må vi ta tak i denne framtida, sa ein oppglødd Barack Obama.

- BP er ansvarleg

Presidenten sa at han vil halde oljeselskapet BP ansvarleg for det som har skjedd, og at hans administrasjon vil gjere alt som står i deira makt for å verne og reinse kysten.

Obama sa at BP kan ha prøvd å bagatellisere omfanget av utsleppet, og at Det kvite hus har måtta gå nærmare etter i saumane alt oljeselskapet har opplyst om skadeomfanget.

SISTE NYTT

Siste nytt