Tony Blair (t.v.) og Jose Maria Aznar er samde i synet på Irak. (Foto: Sergio Perez, Reuters)
Storbritannias statsminister Tony Blair er på vitjing hos sin spanske kollega Jose Maria Aznar i Madrid, og på ein pressekonferanse gjorde både Blair og Aznar det klart at dei reknar med eit fleirtal i Tryggingsrådet for å bruke makt mot Irak.
Tony Blair sa at truverdet til FN og Tryggingsrådet no står på spel. - Resolusjon 1441 har gitt Saddam Hussein ein siste sjanse til å oppfylle krava om å øydeleggje alle masseøydeleggingsvåpen. Det er ingen i Tryggingsrådet som påstår at den irakiske leiaren fullt og heilt samarbeider, sa den britiske statsministeren.
Han er ikkje tvil om at Tryggingsrådet til sist vil stille seg bak eit angrep på Irak.
- Saddam Hussein spelar eit stygt spel med dei millionar menneske som ynskjer fred, sa Jose Maria Aznar, og viste til dei mange store demonstrasjonane mot krig over heile verda.
- Anten meiner vi det sa sist november, då resolusjon 1441 vart vedteken, eller så gjer vi det ikkje. Eg vel å tru at vi meinte det vi sa då, og difor er eg sikker på støtte frå Tryggingsrådet, sa Tony Blair på pressekonferansen.
Blair etterlyste på nytt irakiske opplysningar om 8500 liter med flytande væske som inneheld miltbrannbakteriar, og store mengder kjemikaliar som er framstilde til bruk i våpen.
- Saddam Hussein må fortelje det internasjonale samfunnet kva som har skjedde med landet sine biologiske og kjemiske våpen, sa han.
Blair sa at det kan få katastrofale følgjer for verda om ikkje desse våpena blir øydelagde, og viste til sambandet mellom internasjonal terrorisme og Irak.
- Om vi ikkje handlar no blir ikkje resultatet fred. Det blir berre ei utsetjing av konflikten, sa Blair.
- Det verste vi kan gjere er å skrive under ein blankosjekk til alle diktatorar rundt om i verda som ynskjer utvikle masseøydeleggingsvåpen, la Jose Maria Aznar til.