- South Park skaper panikk

Den populære serien South Park er i Russland meldt for å spreie blasfemi og ekstreme haldningar.

South Park
Foto: NRK / NRK

Fjernsynskanalen "2 gonger 2 TV" står no i fare for å bli stengd.

Uroa foreldre

Episoden som set sinna i kok handlar om ein jødisk gut som ikkje får lov til å vere med på ei kristen juleframsyning.

I Russland rasar bekymra foreldre etter denne episoden av South Park.

Ein lokalrett i Moskva har alleie sendt ei åtvaring til kanalen. Det neste steget kan bli at kanalen må stengje.

- Ungane kan få panikk

Den russiske statsadvokaten har gått til det steget å melde fjernsynskanalen for å ha kringkasta blasfemi og ekstreme handlingar.

- Slike teiknefilmar kan øydeleggje verdiane til ungane og auke risikoen for at dei kan få panikk og bli nervøse, står det i pressemeldinga frå statsadvokaten.

SISTE NYTT

Siste nytt