Hopp til innhold

- Snowden på veg til Venezuela

Den amerikanske varslaren Edward Snowden har reist frå Hongkong og første stopp på reisa er Moskva. Det endelege målet kan vere Venezuela.

Edward Snowden

Edward Snowden skal vere på veg frå Hongkong til Moskva med fly.

Foto: The Guardian

The South China Morning Post melde i føremiddag at Snowden var på veg til Moskva med eit fly frå Aeroflot, men at Moskva ikkje er det endelege målet for reisa. Dei trur varslaren er på veg anten til Island eller til Ecuador.

Det russiske nyheitsbyrået Interfax viser til kjelder i Aeroflot som seier at det endelege målet hans er Venezuela, med ei mogleg mellomlanding på Cuba.

Det russiske nyheitsbyrået Itar-Tass melder at Snowden vil reise frå Moskva til Cuba i morgon, og så frå Havana til Venezuelas hovudstad Caracas. Flyet hans landa i Moskva like etter klokka 15 norsk tid.

Mange rykte

Det går mange rykte om dei vidare reiseplanane til Snowden, også at han kjem til Gardermoen i kveld .

 Julian Assange

Wikileakas-grunnleggjar Julian Assange oppheld seg i Ecuadors ambassade i London.

Foto: Philip Toscano / Ap

Ein annan kjend varslar, Julian Assange, oppheld seg i den ecuadorianske ambassaden i London. Organisasjonen til Assange, Wikileaks, seier til nyheitsbyrået Reuters at dei har hjelpt Snowden til å få politisk asyl i eit demokratisk land, og at dei har sytt for reisedokument og ei trygg utreise frå Hongkong.

Wikileaks opplyser i ettermiddag at Snowden reiser saman med diplomatar og juridiske rådgjevarar frå Wikipedia, og at han reiser det dei kallar ei «trygg rute» for å skaffe seg politisk asyl.

Utleveringskrav frå USA

USA har kravd overfor Hongkong at Snowden må utleverast , for å stillast for retten der. USA har gjort det klart at det ville skade forholdet mellom USA og Hongkong om han ikkje blir utlevert.

Han er no formelt sikta for spionasje i USA.

Amerikanske styresmakter seier dei vil prøve å få til ein avtale om utleveringmed det landet Snowden reiser til, same kva land det er.

Ein talsmann for styresmaktene i Hongkong seier at Snowden har reist frå Hongkong frivillig, og at utleveringskravet frå USA ikkje fullt ut oppfylte dei krava Hongkong har for å kunne godta kravet.

Snowden har tidlegare sagt at han ville søkje asyl på Island, men for å gjere det må han vere i landet. Styresmaktene i Hongkong stadfestar at han er på veg til «eit tredje land».

Ein talsmann for Russlands president Vladimir Putin seier at han ikkje kjenner til kvar Edward Snowden oppheld seg eller kva planar han har.

NSAs hovedkvarter i Fort Meade

Den amerikanske etterretningsorganisasjonen NSAs hovudkvarter i Fort Meade.

Foto: Patrick Semansky / Ap

LES OGSÅ: Nye Guardian-avsløringar: Britisk etterretning har tilgang på global kommunikasjon

LES OGSÅ: Feirer 30-årsdag under jorda

Avslørte overvaking av nettbruk

Snowden jobba tidlegare for etterretningsorganisasjonane CIA og NSA i USA. Han flykta til Hongkong i mai etter å ha offentleggjort omfattande og detaljert informasjon om amerikansk etterretning.

Han har avslørt korleis NSA gjennom sitt PRISM-program har drive omfattande overvaking av tele- og datatrafikk. Overvakinga skjedde blant anna ved at NSA fekk tilgang til dataserverar hos Facebook, Google, Microsoft og Apple.

Det siste Snowden har fortalt er at amerikansk etterretning har hacka seg inn på datanettet til kinesiske mobiloperatørar og skaffa seg innsyn i millionar av tekstmeldingar, og at USA også spionerer mot det prestisjetunge Tsinghua-universitetet i Beijing.

Landet skal også, ifølgje Snowden, ha hacka seg inn på nettet til selskapet Pacnet, som opererer fiberoptiske kablar i Asia og Stillehavet.

SISTE NYTT

Siste nytt