Hopp til innhold

- Skuldig i fire væpna angrep i Paris

Mannen som skaut ein tilsett inne i lokala til avisa Liberation i Paris føremiddag, står også bak tre andre væpna angrep, seier politiet.

Viser bilete av gjerningsmannen.

Christian Flaesch i Paris-politiet viser fram eit overvakingsbilete av mannen dei meiner står bak fire væpna angrep i Paris dei siste dagane.

Foto: GONZALO FUENTES / Reuters

Fransk politi har offentleggjort overvakingsbilete av mannen som i føremiddag skaut ein tilsett inne i redaksjonslokala til avisa Liberation i Paris. Videoen viser at mannen bere oppheld seg i kort tid inne i lokale. Han fyrer av to skot, og så forsvinn han. Mot slutten av videoen ser vi at han spring bort frå bygningen.

Før helga vart journalistar ved fjernsynsstasjonen BFM-TV trua av ein væpna mann. Han kom inn i lokala til den franske fjernsynsstasjonen og vifta med eit skytevåpen, og ropte at neste gong kom han ikkje til å bomme.

VIDEO: Overvakingsvideo av væpna mann i Paris

Skyttaren fanga opp av eit overvakingskamera på metroen.

Fransk politi har sendt ut dette overvakingsbiletet av skyttaren på metroen i Paris i dag.

Foto: HO / Afp

Ein 27 år gammal assistent i fotoavdelinga vart livstruande såra i skytinga. Angriparen stakk frå staden etter å ha fyrt av skota.

Redaksjonssjef Fabrice Rousselot var vitne til det som skjedde: – Han kom inn og fyrte av to skot før han forsvann, fortel han. Politiet veit ikkje kven gjerningsmannen er, men dei arbeider på spreng for å få til ei identifisering.

Skyting mot bank

Kort tid etter vart det skote mot ein større bank i utkanten av Paris, Societe Generale. Han fyrte av minst tre skot inn mot lobbyen. Eit vidauge vart knust, men ingen av dei tilsette vart såra.

Politiet plasserte ut væpna vakter i fleire av dei største mediehusa i Paris etter det som skjedde. Det går no føre seg ei storstilt politijakt på mannen.

Politiadvokat Francis Molins i Paris seier i ettermiddag at mannen som opna eld inne i lokala til Liberation, etter dette skaut mot ein bank i utkanten av byen. Deretter trua han ein bilførar til å køyre seg til sentrum av Paris igjen. Bilføraren vart ikkje skadd.

Politiet trur mannen var åleine om angrepa, men kan ikkje seie noko om kva motiv han måtte ha hatt.

Politivakter utanfor Liberation i Paris.

Politiet sette ut væpna vakter utanfor de fleste mediehusa i den franske hovudstaden.

Foto: GONZALO FUENTES / Reuters

Trua fjernsyns-tilsette

Før helga vart journalistar ved fjernsynsstasjonen BFM-TV trua av ein væpna mann, og politiet set også denne episoden i samanheng med det som skjedde i dag.

Avisa Le Monde meiner på bakgrunn av overvakingsbileta frå BFM-TV og Liberation at det er snakk om same personen. Då han kom inn i lokala til den franske fjernsynsstasjonen vifta han med eit skytevåpen, og ropte at neste gong kom han ikkje til å bomme.

Frankrikes president François Hollande seier at politiet no set alt inn på å arrestere skyttaren, fordi så lenge han er på frifot, er han i stand til å drepe.

Saka blir oppdatert

LES OGSÅ: Politijakt i Paris etter skyting i avisredaksjon og ved en bank

LES OGSÅ: Nettstedene til Libération og Société Générale er hacket

SISTE NYTT

Siste nytt